søndag 13. januar 2013

VESKE I 70-TALS STRIPER.


Eg er i skikkelig gjenbruksmodus for tida. Blandt dei orange retrostoffa mine dukka det opp ei
gardinkappe i dei mest typiske 70-tals fargane - orange og brunt. Den fann eg på bruktbutikken for ei tid tilbake og eg tenkte med ein gong at det skulle verte vesker av den.
Hadde eit håp om at det var ullstoff, men det viser seg desverre at det er syntetisk.
Viss eg er i tvil om eit stoff er syntetisk eller ikkje så finn eg det fort ut når eg stryk stoffet.
Dei fleste syntetiske stoff tåler ikkje så sterk varme så jernet kjennest litt trått ut på stoffet.
Men det eg merkar det best på er lukta - når du stryk syntetisk stoff vert det ei heilt spesiell lukt.
Kan ikkje forklare den - berre veit det når eg kjenner lukta.

Men veske vart det sjølv om det ikkje er ullstoff. Hadde eit bilde i hovudet på korleis den skulle sjå ut, og den vart vel omlag slik eg hadde tenkt. Har stoff nok til ei til og den vert nok litt annaleis.
Når ein lagar noko utan mønster slik eg har gjort her er det ikkje alltid så lett å tenke seg til kva som fungerer best. Det er eit par ting eg burde ha gjort på ein anna måte, både når det gjeld hanken og lokket.

På neste veske vil eg runde av lokket eller spisse det litt. Sidan det er eit vanskelig stoff å sprette i let eg den vere slik den vart. Når eg ikkje er heilt fornøgd med eit produkt så sprettar eg ofte oppatt og byrjar på nytt. Synest det er gøy å lage ting utan mønster men det er utfordrande og ikkje minst tidkrevjande. Vert mykje tankevirksomheit - det er ikkje alltid så lett å få ut i praksis det som er inne i hovudet!


Til lukking sydde eg på ein magnetlås og pynta med ein gammal skinnknapp. Synest den vart prikken over i-en på veska! 



Innvendig laga eg ei lita lomme med glidelåslomme utanpå.
Så gjenstår det å sjå om nokon har lyst på ei lita skulderveske i 70-tals fargar.
Den vert nok med til Bjørke og Postkjellaren til sommaren.

Ellers er eg i gong med eit anna koslig prosjekt som de får sjå etter kvart. Kan seie så mykje som at det også handlar om gjenbruk.

Kjenner at eg ynskjer å satse meir på gjenbruk framover. Har som mål å kjøpe minst mulig nye stoff i 2013. Synest det er utruleg givande å lage nye produkt av brukte ting - og då vert det også  heilt unike produkt og noko som ingen andre har maken til!

Ynskjer deg ei fin og kreativ veke!

                                                 Klem frå Alva

7 kommentarer:

  1. Det var fin veske med retrostriper.
    Ja, den lukta som kommer når man stryker syntetiske stoffer kjenner jeg godt jeg også :) Det er jo fordeler og ulemper med slike stoffer. Det er jo fint å slippe å stryke så ofte som bomullsstoffene. Kom over ei rutete skjorte til guttene mine med lange, spisse snipper - veldig 70-talls og syntetisk. De liker skjorta godt og hiver den på når de er invitert i bursdagsselskap og trenger ei fin skjorte på i full fart. Den krøller aldri :)

    SvarSlett
  2. Det var ei sprek veske! Ikkje alltid så godt å vite kva kvalitet gamle stoff er i. Eg brukar å ta ei brennande fyrstikk, og testar på ein liten stoffbit for å sjå om det smeltar.
    Fin bluse under her også:)

    SvarSlett
  3. Ja, det er sant....at det er sikkert heilt topp å lage kreasjonane av gjenbruk. Då blir det ikkje to som er like :)) Veska var fin den og føre seg gjorde inni med lommar og glidelås.
    Ha ei fin ny kreativ veke.

    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Å, himmel - for ei utruleg kul veske! :)

    SvarSlett
  5. Hei Alva!
    Så utrolig mye flott du tryller frem!
    Glad som jeg er i gjenbruk, har jeg veldig sansen for slike prosjekter:)
    Og veska ble super!
    Ser du har sydd mye annet flott også, herlig den løveblusen:)
    Jeg har selv mange gjenbruks-stoffer liggende, de venter bare på en ledig stund;))

    Flott kveld til deg:)

    SvarSlett
  6. Eg har prøvd å svare på dine kommentarar via e-post, men adressa som kjem opp virkar ikkje. Adressa er: postkjellaren@hotmail.com. Eg ser det står .no i profilen din, men veit ikkje om det er der feilen ligg!?

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no