fredag 25. januar 2013

VESKE - IGJEN



Her går det i vesker for tida! Kunne ikkje vente lenger med å lage noko av dette flotte stoffet med dei nydelegaste grønfargar som eg fann på bruktbutikken forrige veke! Og det sto i grunnen skreve veske over heile stoffet - ja det nesten ropte etter å få verte ei veske!
Likte den veldig godt, men denne skal eg ikkje ha sjølv - den vert nok å finne i Postkjellaren til sommaren.


Har heldigvis ein god del igjen av det - og no lurer eg på om eg skal lage meg eit skjørt.
Eg er i grunnen ikkje nokon skjørteperson, og heller ikkje spesielt glad i grønt - men eg ser veldig for meg eit skjørt av dette stoffet. Likar veldig godt mønsteret i det.
Mønsteret er liggande, så då vert den breidaste blomsterborda nederst slik som på veska.  
Skal tenkje på det...........


Veska fekk ei mobillomme innvendig og er fora med eit nydeleg lindegrønt dynetrekk - også frå
bruktbutikken.
Det er ikkje så god kvalitet på bilda, men det var eit vanskeleg stoff å fotografere. Flesteparten av bilda vart meir eller mindre uklare.


Endeleg vart det mildare ver ! Det var utruleg deilig å gå ut i dag tidleg og det ikkje var bitande kaldt! Ja, det kjentes nesten varmt ut sjølv om målaren sto omtrent akkurat på 0.
Og då kunne det ikkje passe bedre med noko så uvanleg som fri på ein fredag - det kan eg ikkje huske kva tid sist eg hadde!
Så då var det berre å hive ut alle teppe og ta ein real helgavask! Og det var veldig nødvendig - sist var vel omtrent då juletreet kom i hus (hysj)

Så no kan helga berre kome! Med reint hus og fri-laurdag kan det ikkje bedre verte!
Sidan det er meldt regn i morgon trur eg nok det vert litt sying:))


                                            GOD HELG TIL ALLE SOM ER INNOM -
                               OG HJARTELEG VELKOMMEN TIL NYE FYLGJARAR

                                                      Klem frå Alva

6 kommentarer:

  1. veska ble kjempeflott! helt enig i at stoffet ropte etter å bli veske :)

    ..må bare skryte enda litt mer av veska jeg vant hos deg. nå har jeg jeg brukt den som stelleveske i en mnd, og den er super!
    fått masse komplimenter om den og, så vet du det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha - ja det var supert stoff til veske:)
      Så flott at veska fall så godt i smak - det varmar mitt hjerte at produkta mine vert brukte og at dei fungerer! Takk for fin tilbakemelding:)

      Slett
  2. Smeisede kor du hive deg rundt å får laga ting!! Vart lekker dinna veska også og like fin innvendig. Jau eit skjørt av ditta stoffet trur eg vert smekkert. Tenk å sprade rundt i det til sommaren i det nydelige veret vi får i år :D
    No har eg endelig brest i hop noko av foret eg fann på bruktbutikken. Skal få det inn i tilhøyrande kreasjon og litt småting som skal ordnast så skal det bloggast :))
    Eg har vorte litt treg når det gjeld å drage fram maskina....har ikkje noko rom den står oppe på.
    Høyrest herlig ut med reinvaska hus og kor kjekt med helga fri. Og i tillegg mildare ver...supert!!

    God fin helg til deg og nyt den......med litt sying :))
    Mild varm klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Enig i at det mønsteret var spennende å lage veske av. Det er ligner litt på noen av Marimekkos design. Jeg kan godt se for meg et skjørt i det også :)
    Herlig å ta i mot helga i nyvaska hus. Her er jeg i bakemodus, så nå har flere ting kommet ut av ovnen :)

    SvarSlett
  4. Hei du :-)

    Så fine vesker :-) Flink du er :-) Send gjerne over litt kreativitet og overskudd :-) Litt manko på det her i huset nå for tiden. Nyt helgen :-)

    Klemmer ifra meg :-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no