torsdag 7. februar 2013

BAMBI

Eg lova tidlegare å vise kjolen som eg  laga til det vesle sjarmtrollet eg har sydd litt kle til - 
blant anna Pippiforkle. Det kan du lese om her om du ikkje har fått det med deg.


Det var ynskje om ein ballongkjole og det måtte eg sjølvsagt prøve meg på. 
Ballongkjole har eg ikkje laga før så då måtte eg leite gjennom syblada mine for å sjå om eg fann mønster på det. Fann ein som eg laga først, men den vart eg ikkje fornøgd med og ikkje 
passa den heller. Så då måtte eg improvisere litt. 

Heldigvis kunne eg bruke oppatt mesteparten av den - berre klipte av ermane og berestykket og laga overdelen på ny etter ei mønster eg har brukt før til ein vanleg kjole.
Vart mykje meir fornøgd med denne varianten.



Kjolestoffet er frå eit gammalt dynetrekk som er  i veldig god stand!
Hadde så lyst til å applikere på ein bambi, men hadde ikkje mønster på det. 
Leita litt i bøker, blad og på nettet utan hell. Då kom eg på at eg hadde liggande nokre gamle
malebøker frå då borna var små  - og jammen meg fann eg ein bambi i ei av dei!
Snakk om flaks! Veldig lurt å leite i malebøker etter applikasjonsmønster
for der er det gjerne enkle teikningar som er lette å kopiere.

Kjolen er overlevert og forhåpentlegvis passar denne bedre enn den første!
Eg synest den vart fin iallefall:)

Helsing Alva


7 kommentarer:

  1. Du er så kreativ at det er eit syn !
    Det er nok ei pie som er glad for den fine kjolen :)

    Ha ein fin kveld !
    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Superfin - den falt nok i smak. Jeg samler også på noen gamle malebøker med enkle tegninger. Synes mange av de som er litt gamle, har så søte tegninger. God idé å bruke dem til applikasjoner. :)

    SvarSlett
  3. Skikkeleg fin! Har også tenkt å prøve meg på ein slik kjole - med eit mønster frå nettet:)

    SvarSlett
  4. Åååå!
    Noe så nydelig!
    Så vakkert stoff, og så fint med bambiapplikasjonen:)

    Fin dag til deg!

    SvarSlett
  5. Nyyyyyydelig. God Morsdag til deg.
    Her går det fort i svingane , dåp i morgon.
    Klem frå fruen i svingen.

    SvarSlett
  6. Den vart bære så fiiin, vi er fornøgde som alltid :)

    God Morsdag :)

    SvarSlett
  7. Hei :-)

    Håper du hadde en flott morsdag i går :-) Nydelig kjole du har laget :-) Og så søtt med bambi på :-)

    Ønsker deg en fin ny uke :-)

    Klemmer ifra meg

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no