fredag 22. februar 2013

Ein elefant kom marsjerande.....



Eit par nye overallar har sett dagens lys denne veka. Kosar meg sånn med å lage
desse småplagga :) Her har eg brukt eit prikkastoff frå ei 
skikkelig retro kjøkkengardin.
Buksestoffet er eit stripete stoff frå Åhlens. 



Elefantmotivet stammar frå eit barnedynetrekk eg fann på bruktbutikken denne veka.
Gjorde ein vri med lommene på denne overallen. Synest det er greit 
å variere slik at ein får ulike uttrykk.
Størrelsen er 86.



Postman Pat kom og ville vere med også. Denne er størrelse 80 .
Likar så godt desse Postman Pat motiva.
Bukse stoffet er frå posesalget på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Vanskelig å fotografere slike småruta stoff.



Barnestoffet er frå stofflageret mitt og kjem frå den lokale stoffbutikken.




Ser ut som ein luring han Postman Pat....

Så må eg få takke for dei utrulig fine kommentarane på forrige innlegg!
Kor kjekke de er med meg!
Eg er takknemlig og rørt over dei gode orda!!
Tusen tusen takk!

Eg har aldri sett på meg sjølv som veldig flink og langt i frå ein meister!
Synest det er så utrulig mange andre flinke damer rundt omkring.
Men eg LIKAR veldig godt det eg held på med 
og storkosar meg med syinga!

Eg var så heldig når eg vaks opp at eg fekk LOV til å utfalde meg fritt!
Mi mamma var aldri opptatt av at vi skulle ha det så fint og ryddig
heile tida. Eg fekk sleppe til med mine kreative sprell
og tålmodig veileda ho meg på symaskina.
Og det er eg henne evig takknemlig for!

Ei historie ho likar å fortelle er at eg brukte å sitje oppe på kjøkenbordet når 
ho sydde kle til oss. Der sat eg heilt oppslukt og fylgde med på
kva ho styrde med. Men det som ikkje var så lurt 
var at eg fann meg eit lite tidsfordriv
når eg sat der.....

eg putta knappenåler inn i symaskina - gjennom rillene på baksida slik at ho ikkje såg det.
Tilslutt stoppa symaskina - og ein reperatør kom til gards.
Og då vart synda oppdaga - å guri kor skamfull eg var!!
Dette hugsar eg nemlig....

Då han gjekk klappa han meg på hovudet og sa at det der måtte eg ikkje gjere meir.
Og eg kan love - DET GJORDE EG IKKJE NEI!!

Ynskjer deg ei fin helg same kva du skal styre med!
Putt iallefall ikkje nåler inn i symaskina;)

Klem frå Alva

6 kommentarer:

  1. Hi hi, ei herlig historie :)
    Ikke rart vi husker slike situasjoner.
    kom på den første historia jeg husker fra jeg var lita, må ha vært mellom 3 og 4 år.
    Jeg lekte med klesklyperne til nabokona, hadde tømt alle utover plena for sikkerhets skyld ;)
    Hun kom ut og jeg fikk sånn kjeft, hadde aldri fått kjeft for å ha lekt før ! Jeg var i sjokk og løp hjem til mor..var redd henne husker jeg, he he ;) Godt vi flyttet når jeg var 4.

    Men du så fine overaller !!
    Den røde var så stilig med det prikkete stoffet, og den andre gav meg fine barndomsminner ;)

    God helg !
    Janne

    SvarSlett
  2. Søte overaller og proft med størrelsen i nakken :)
    Herlig historie du forteller. Jeg husker min mor lot meg også leke meg med symaskinen. Selv om hun ikke satt ved siden av og forklarte, så fikk jeg lov å holde på alene. Det er jeg glad for. Hun hadde samme innstillinga til matlaging. Hun hadde nemlig hatt ei venninne som av sin mor ikke fikk lov å lage mat på kjøkkenet for det ble så rotete....
    Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  3. Har du funne på slike fantesprell :D Veit du kva eg gjorde når mine foreldre hadde reist på biltur uten meg (eg var å besøkte ei venninne). Eg vart så sur fordi dei hadde reist at eg reiv opp blomstrane i eit heilt bed. Når eg fekk summa meg kan du tru eg vart redd, håpte nesten dei ikkje kom igjen. Fy kor trollete eg var då.
    Kor ekkelt at nokon har tulla med bloggen din. Minstekaren min sa at det var fleire bloggar som hadde blitt angrepne i det siste.
    Som alltid Alva....nydelige kreasjonar frå deg. Jau, du er ein meister med symaskina. Heilt utrulig flotte plagg du lagar!!!!!!
    God helg til deg.
    No er sola koma høgare på himmelen og i dag skein ho lenge,deilig.
    Solklem frå MEG.

    SvarSlett
  4. Kjempefine bukser! Du har jammen mange fine stoff i samlinga di:) Det gjer seg med ein velplassert applikasjon:)
    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  5. Hehe. Ei lita rampejente :-)
    Du er flink og kreativ, men det er vel sånn med oss damer at vi ikkje heilt trur på det sjølv
    God helg til deg frå oss lenger ut i fjorden :-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no