mandag 11. februar 2013

ROSA OG SØTT

Her har det gått i rosa siste tida. Har fått sydd nokre vestar til dei rosa snurreskjørta.
Forrige veke fekk eg ikkje sydd så mykje - då var det så mykje anna
som tok tida mi. 


Ser at eg med fordel kunna drege over skjørta med strykejernet. Dei har budd i ein koffert
sidan eg pakka ned etter julebutikken.




Har brukt ei blanding av nye og gamle stoff. Har ikkje så veldig mykje retrostoff i rosa.
Er vel ikkje den mest typiske retrofargen heller.







Alle vestane er vendbare. Veldig praktisk.


Elskar dette stoffet som er brukt i vestane! Draumen er å finne eit heilt dynetrekk av det!
Dette har eg kjøpt her. Ho har mange fine retrostoff til salgs.


Det er berre så fint dette stoffet!

Har eit par skjørt til som skal få seg vest - men no trur eg at eg må sy noko anna fyrst.
Det ligg eit stoff og ropar på meg inn på syrommet. Det vil så gjerne verte
ei veske av det! Stoffet er i dei gladaste fargane eg veit om!
Lurer du på kva det er slags fargar 
kan du sjå her.


Ny veke og nye mulegheiter ! Og denne veka ligg heilt blank framfor meg 
 - ikkje noko anna på programmet enn å sy! (Og jobbe,sjølvsagt)

Her er det vinterleg og kaldt for tida - litt for kaldt etter mi meining.
Men flott er det, det skal eg ikkje nekte for.
Sola har vi fått tilbake også!


Tusen takk for dei fine kommentarane som vert lagt att,
eg set stor pris på kvar og ein!

Ynskjer alle som kikar innom meg ei flott ny veke!

Klem frå Alva



5 kommentarer:

  1. Nydelige klær du har sydd :)
    Er imponert over hvor fint du har sydd på de skråbåndene..syns det er så vanskelig.
    Hadde det stoffet du viser her jeg også ( og i lyseblått ) men nå er det bare rester igjen.

    Ha det fint :)
    Janne

    SvarSlett
  2. Kjempefine sett med skjørt og vest. Tenker noen småjenter som kommer til å snurre seg til sommeren :) Jeg lengter masse til varme og vår. Det er herlig at det er merkbart lysere ute :)

    SvarSlett
  3. Heilt vidunderlige. Disse vert nok populære for søte små prinsesser. Kanskje eg skal ha meg ein handel med deg til mi lisje prinsesse når ho begynner å stavre seg fram på føtene.
    Utrulig kor mykje fint du lagar. Det blir mykje flott å velge i på sommarbutikken din.
    Såg dåkke hadde kosa dåkke på morsdagen dåkke også. Ja, sprekkeferdige var eg også. Verste av alt var at bunaden var som eit pølseskinn...her må eg få fart på gåinga :D
    Ha ei fin veke.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Så uskuldig søte desse var :)
    Ja, eg skulle så gjerne fått tid til å ta turen innom og sett på alt det fine du har laga, men nei, tida strakk nok ikkje til denne gongen heller. Den har ein tendens til å fyke av gårde når eg er på sunnmøre :) Merkeleg, det der ;)
    Eg får vel heller berre sende mamma bort for å "snope" litt for meg, hehe :) Ingen tvil om at du har mykje eg har lyst på til ungane :)
    Her nede er det òg fint og kaldt, men litt for kaldt etter mitt ønske. Eg har så lyst på skikkeleg vår no. Men kanskje ikkje allergien som følgjer med. Jaja, kan ikkje få i pose og sekk :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no