tirsdag 26. februar 2013

SØTE PUSAR



Har laga endå ein overall - håper de tåler å sjå fleire!
Trur dette vert den siste i rekka - på ei stund iallefall. Måtte lage ein 
skikkelig søt før eg ga meg....Er sååå glad i det yndige
pusestoffet! Det kjem frå ei gardin funne
på loppemarked.



Denne er i størrelse 80.




Buksestoffet er frå ein duk funne på bruktbutikken. Her lyg fargen   
- rettare på fyrste bilde.



Dei søte hjerteknappane er frå ein overall som jenta mi hadde som lita.
Ho var ei skikkelig "rosajente" då ho var lita!
Absolutt alt skulle vere rosa - 
kle, leiker, veggar på 
rommet - 
ALT....

Når det gjekk over skulle alt vere svart.
Veit sannelig ikkje kva
som var verst...

Denne overallen hadde definitivt vorte godteken, for utanom rosa så var 
kattar ein stor favoritt. Vi hadde ein svær hannkatt som heitte
Damian (døypt etter ein katt frå barne-tv)
Han trilla ho rundt på - i ei rosa
dokkevogn.....

Håper du får ein rosa og fin kveld:)

Klem frå Alva

4 kommentarer:

  1. Kjekt innlegg :)
    Ja, her har me hatt ei rosa helg med barnedåp til
    minste barnebarnet.
    Kanskje eg skal kjøpe ein overall til henne. Ser den er i str. 80 så den må i so fall ligge ei stund. Har du ein med pusar til salgs ?

    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så søt den er, herleg kattemotiv! Eg har ei jente på seks år som også har vore veldig rosa, men no skal ho vere litt tøff, og då er det svart som gjeld:-)

    SvarSlett
  3. Så vakker!
    Nydelige katter og knappene ble prikken over i-en:)
    Merkelig det der med jenter og rosa...selv har jeg aldri hatt dilla på rosa, men derimot lyseblått;))

    Fin kveld til deg Alva!

    SvarSlett
  4. Kjempesøtt kattestoff ! De små liker så godt å ha noen små bilder på klærne, og da vil de kle på seg med en gang :) (Og jeg blir ikke lei av å se overallene! )
    :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no