fredag 15. februar 2013

SYTIPS


Tenkte eg skulle vise korleis eg syr på skråband sidan ikkje alle synest det er så lett 
å få til fint. Ikkje det at eg er nokon ekspert - det er ikkje alle mine 
saumar som er like beine heller.
Men eg kan iallefall kome med nokre tips .


Eg legg skråbandet kant i kant med stoffet - på vranga. Så syr eg i bretten på skråbandet 
eller ein tanke utanfor  (mot kanten).




Så brettar eg skråbandet over til retta slik at det akkurat dekkjer saumen.
Festar med knappenåler.




Og så syr eg fast frå retta - eit par millimeter inne på skråbandet.




Ved å sy litt inne på bandet treff ein slik at det vert pent på andre sida også.

Eit anna tips eg vil dele har eg med meg frå då eg gjekk saumlinja
(eller stikk og hyl som den vart kalla då)
Det er å halde litt stramt i over- og undertråden idet ein startar å sy - då unngår ein at trådane 
vasar seg. Det er så irriterande når det skjer og det ser
slettes ikkje pent ut!


Så er det forsyne meg helg igjen! Det vil seie - ikkje heilt helg for meg endå.
Eg har jobbelaurdag så eg må vente litt før eg tek skikkelig helg.


FIN FREDAGSKVELD OG EI SUPERFIN HELG
YNSKJER EG ALLE KJENTE OG UKJENTE!


Klem frå Alva

3 kommentarer:

  1. Fantastisk med slik DIY. Jeg har sittet og titta på den lenge. Det er jo slik jeg også gjør det, men det blir av og til at sømmen ikke blir der jeg vil ha den på baksiden... men det er vel som med det meste en øvelsessak :) Jeg har ikke hørt det tipset om å holde i trådene så det skal jeg prøve.
    Så koselig historie om sønnen din du skrev inne hos meg. Har det blitt noe tegnerelatert jobb på ham som voksen da? Eldstemann her i huset er også veldig glad i å tegne. Det blir litt hver dag, og jeg synes det er så kos. Go helg :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å repetere, sjeldan eg syr no for tida. Det
    vart meir før når ungane var små.
    Eg har borneborn så eg bør kanskje begynne å sy til dei..

    God helg.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Ja, det var slik vi lærde det på " stikk og hyl". Har gått der eg også, men har snart gløymt kva ei symaskine er :)) Kjekt at du gir litt tips så eg får litt påminnelsar, det trengst. Det med å halde i tråden var supert. Eg fekk ei slik skikkelig ruskedundre av trådane når eg sydde på det tynne forstoffet til dåpskjolen. Brukte lang tid på å få den oppløyst.
    Det er no så beint og laina saumane dine att eg kan få mindreverdigheits kompleks. Er sikker på at du kunna hatt bedrift så flink som du er.
    Ha ei god, fin og koselig helg. Heldigvis mildver....ekje det deilig, nesten vårlukt når eg kjem ut.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no