søndag 3. februar 2013

TIL Å DÅNE AV.......


I går fekk eg to posar med gamle stoff og sengetøy av ei dame.
Tenk at nokon berre vil gi meg det!
Eg er rørt, glad og takknemlig!

Den eine posen inneheldt inneheldt masse gamle stoffbitar som enno hadde merkelappen på.
Mykje av det var syntetisk, men med fantastiske mønster.
Det vil eg vise ein annan gong.

Den andre posen inneheldt sengetøy av varierande dato.
Og det eine dynetrekket er til å dåne av....

 Det var som om både våren og sommaren kom på ein gong då dette stoffet kom i hus!
Elskar desse fargane og kombinasjonen!

Då eg heldt på å ta bilde av stoffet kom eg på at eg har ein kjole i akkurat same fargane.
Så då måtte eg inn i kleskapet og finne den fram.
Historia til kjolen kan du lese her.
Det var iallefall perfekt match!


 Dama eg fekk stoffa med ynskjer seg ei skulderveske med dette stoffet
og det skal ho sjølvsagt få.


Elles har det vorte ei veske til i løpet av dagen.  Håper de ikkje er leie av veskene mine 
for her kjem bilde av endå ei.


 Denne er laga av eit av stoffa frå posesalget i forrige innlegg. Er litt usikker på kvaliteten - 
trudde fyrst det var eit ullstoff, men det er nok syntetisk. 
Mulig det er litt ull i det for det stikk litt.
Så det er nok ikkje så egna til 
å sy barnekle av.
Må i såfall forast.

Men til veske passar det fint.

Knappen som er brukt til lukking er ein gammal vintage knapp - trur den har vore på ei kåpe.
Den er aldeles nydelig og passa perfekt på denne veska.


Ynskjer deg ein fortsatt fin søndag og ei god ny veke!

Klem frå Alva

6 kommentarer:

  1. Så heldig - fantastisk flott stoff! Likte godt veska også, veldig passende stoff nå om vinteren og høsten :)

    SvarSlett
  2. Kjempefint stoff, du! Det ser jo ikkje spesielt utvaska ut heller;)

    SvarSlett
  3. Artig...både at du held på å dåne av stoffa og at du fekk eit som var akkurat i same fargar som kjolen din. Den kjolen var fin og så kjekt at det har vore mor di sin. Den såg no heilt ny ut.....reint stilig var den.
    Vesker blir vi aldri lei av..like kjekt å sjå kvar gong.Fin denne også slik som allt du lagar. Hugsar dette ruta stoffet frå min barndom eller ungdom.
    Du har no virkelig gjort kupp på bruktbutikken også ser eg i innlegget under. Det blir litt av ein produksjon med deg no framover. Glede meg til å sjå alle fine kreasjonane dine.
    Ha ei strålande veke.
    God klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Fantastisk stoff i herlege fargar og med eit kjempefint mønster :) Skal sei du er heldig! :)
    Og du, veskene dine blir vi aldri lei av, dei er jo heilt nydelege :) Denne minner meg om mormora til ei venninne, som vi begge var så glade i. Ho gjekk "alltid" rundt i ei slik bukse :) Alt ein hugsar! :D
    Ha ein fin dag. Her er det hjørnetannverk på gong på 1-åringen, så då må mamsen gje ekstra mykje omsorg og kjærleik :)

    SvarSlett
  5. Hei :-)

    Flott stoff med herlige farger :-) Gleder meg til å se resultatet av vesken :-) Tøff kjole også,må gå inn å lese historien til den :-)

    Ønsker deg en flott uke :-)

    Klem

    SvarSlett
  6. Denne veska var klassisk og fin! Vi las bloggen her ilag på søndag kjære syster. Du er så ekte, genuint glad i hobbyen din! Blir spennande å sjå kva som får "nytt liv " gjennom alle dei fine stoffa. Lykke til.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no