tirsdag 19. februar 2013

VÅR I LUFTA




Då har eg fått sydd og avlevert veska eg skulle lage til dama som eg fekk dette stoffet av.
Ho ynskte seg ei skulderveske i lyse sommarlege fargar med 
det fantastiske blomsterstoffet til for.
Veskestoffet er av eit litt kraftig gardinstoff.
 Og dama vart heldigvis strålande fornøgd med resultatet!
Applikerte på blomster frå forstoffet for å skape meir liv i veska. Synest det vart fint
for å seie det sjølv....



Eg er veldig glad i å applikere og likar å leike meg med fargar og motiv.
Og desse fargane er berre ein fryd å jobbe med!
Denne veska kunne eg glatt
beheldt sjølv!



Lomme innvendig er praktisk og greitt.


Har også laga ein buksedress i herlige vår/sommarfargar.
Det søte hundestoffet er ein gardinrest eg fekk i hende.
Det var akkurat nok til overdel.



Lommene er av same stoff som foret i veska over.
Knelappane er av eit matchande gardinstoff  til hundestoffet og veskestoffet over.
Også ein rest eg har fått.
Buksestoffet er frå eit barnedynetrekk eg fekk av same dama som har bestilt veska.
Det er i kraftig og god kvalitet og veldig lite slitt.
Fantastisk lys turkis farge!
LIKAR!!



Her ser det og ut til å verte vår i lufta - sola er i ferd med å bryte gjennom no.
Det har vore tett tåke heile formiddagen - men
no ser eg så vidt i fjelltoppane
og himmelen er blå!!
HURRA!!

Håper du og har det fint!

Klem frå Alva

7 kommentarer:

  1. Hallo i luken....er du slutta å sove ???
    Du er altså så flinke å få laga dei nydligaste kreasjonane i ein fei. Eg er imponert ....kor effektiv du er.
    Du det var ikkje berre fint Alva, det var rååååååålekkert. Guri for nokre deilige fargar og blomstrane på veka var prikken over i en.
    Dette var eit herlig vårlig innlegg...aldeles til å bli glad av.

    Eg måtte rulle opp og ned nokre gongar for å nyte praktkreasjonane dine skikkelig.
    Flinke dame!!!!!!!
    Misunnelig klem frå meg.

    SvarSlett
  2. Flott veske. Og barnekleda dine er fantastiske !
    Du er ein meister med symaskina :)
    Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Heia :0)
    Som du veit er eg kjempeglad i veskene du lagar,kjempefine!! Og den siste nye der er intet unntak :0)
    Eg fikk rett og slett vatn i munnen av den,så vårlig og flott og med dei skjønnaste blomstrane på c",)
    Ja du er som alle sei,ein resar på symaskina !!
    Klem

    SvarSlett
  4. Måååå bare få skryte :) Eg er den lykklige eigar av den knæsje veska :) Gleder meg til å ta den i bruk til våren. Å toppen av det morsomme var at venninna til jenta mi kjente igjen stoffet til sengesettet som eg har fått og gitt videre til den kreative :)

    SvarSlett
  5. Hei! Glad for at eg oppdaga bloggen din, du inspirerer veldig! Så utruleg masse flott du lagar, heilt herleg! Tusen takk for koseleg kommentar, artig at du har laga same pleddet:-) Eg skulle også ha kvit kant rundt, men gjekk lens for kvitetråden som hadde gått ut av produksjon. ( Det fortel litt om kor lenge det er sia eg byrja på det;-) Ha ei fin veke vidare!

    SvarSlett
  6. Her var det mye gøy! Jeg legger bloggen til min liste over inspirasjonskilder, for her ble jeg inspirert :)!!!

    Dette var gøy :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no