Det er rart kor glad ein kan verte av fine stoff.
Det er få ting som gir meg slik lykke som å finne spesielle og gjerne gamle stoff.
Og når ein til alt overmål finn eit stoff med kløver på så må ein berre verte lykkelig!
Sist eg var på bruktbutikken sto det ei stor kasse på golvet ved stoffreolane. På toppen sto det
skreve diverse stoff. Tydelegvis nokon som hadde levert inn heile kassa.
Med skjelvande hender og bankande hjerte opna eg kassa.
O lukke! Øverst låg forskjellige fløyelsstoff -
eg starta å plukke.
Det neste eg får auge på er dette yndige raude og kvite stoffet
med kløver og sommarfuglar!
Har du sett noko
så søtt?
Så får eg auge på det grøne stoffet under her og heldt mest på å dåne.....
Men du store mi tid for ein jobb eg fekk med å vaske det! Det farga av noko aldeles
forferdeleg! Fyrste vatnet var svart. Andre mørkegrønt. Tredje grønt osv...
Fyrst etter fem vaskevatn og minst femten skyllevatn var det
nokolunde bra. Så det freistar ikkje å bruke det til
barnekle i allefall . Trur det må bli
vesker av det.
Det vart ein bra dunge før eg kom til botnen av kassa.
I tillegg fann eg to fag kjøkkengardiner i dette herlege brune retrostoffet!
Noko av fløyelstoffet eg fann har eg allereie brukt. Det kjem det bilde av ein annan dag.
Sylysta er endeleg på veg tilbake - den tok visst påskeferie i forrige veke....
Men i dag har eg endeleg fått sydd litt igjen.
********
Siste par dagane har det vore snøver elles har vi hatt ei strålande flott påske!
Men sidan eg har jobba dei fleste kvardagane har vi heldt oss heime.
Og så skal eg på jobb igjen påskeafta.
Sånn er det - nokon av oss
må halde hjula
i gong...
Håper du har ei superfin påske der du er!
ALVA