onsdag 13. mars 2013

BLÅTT - SJØLVSAGT!




Slik vart altså dei nye putene mine! Blått i ulike nyansar!  Det brune innslaget er for å   
passe til biletet over sofaen. Det var eit par stykker som tippa ganske rett - 
Sonja frå Sunnfjord og MarJE kjenner meg visst ganske godt:)
Ullteppet i den nydelegaste grønfarge passar perfekt til.
 Fann to stykker på bruktbutikken sist eg var der
 til den nette sum av 50 kr.stk.
Lucky me!




Denne puta er laga for å passe til biletet som heng over stolen. Skal skifte ramme på 
den difor er det ikkje med på biletet. Men du kan sjå motivet under her.
Det er laga av ei lokal dame som no er flytta frå bygda.
Er veldig glad i det - likar så godt både 
motivet og fargane.







Slik ser det ut i sofakroken no. Litt meir vårleg enn tidlegare. Og det trengst visst å lage 
vår inne for ute er det full vinter. Snøen lavar ned og ein god del kom i går også.



Lysfatet med litt av nykjøpa frå Nille. Slike vasar har eg sett rundt i blogglandia
og har likt dei godt. Når dei så er å få kjøpt på Nille til 3 tiarar var det 
ganske lett å la seg freiste. Det mørkaste lysglaset hadde eg frå
før og den fine glaskrukka med perleblomst og sommarfugl
fekk eg før helga fordi nokon set pris på meg.
Det varmar!


Fin onsdagskveld til deg! 

Klem Alva

6 kommentarer:

  1. Så fint det var blitt. Å få nye puter og tepper er ofte som å få ny stue. Nå kan bare våren komme :)
    (I dag var det minus 8 grader her, så det er vel en stund til enda ;)

    SvarSlett
  2. Eg e og glad i blått.
    Har visst litt dilla på blåtoner for tida sjøl :)

    SvarSlett
  3. Så lekre puter og nydleg lysfat du har laga til! Veldig vårleg, det kan trengast:-)

    SvarSlett
  4. Åååå kor artig at eg gjetta nokon lunde rett...har fått med meg litt kva du likar ekstra godt.
    Veldig vårlige, lyse, lette og fine puter du har laga til stova. Og kjekt når ein finn slike godbitar som er midt i blinken (teppa).
    Har vore på Nille eg også for eit par veke sia....jada, same vasen i blått. Skal ha det til konfirmasjonen. Eg kjøpte fleire forskjellige vasar i den fargen + telysglas. Fine og rimelige. Kjekt å fornye litt, er ikkje så mykje som skal til for at lysfatet blir nytt. For ei kjekk oppmerksomheits gåve du har fått. Passa fint til det andre du har pynta med.
    Ha fortsatt ei god veke i kulda og snøkaven.
    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Se der ja:)
    Flotte puter !
    Fikk litt rett da ;)
    Det har lavet ned her i Trøndelag de siste dagene også..nå er det liksom nok, vil ha vår.

    Janne

    SvarSlett
  6. Så flotte puter i nydelige blåtoner!!
    Kjempefine!!
    Klem Siri

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no