lørdag 23. mars 2013

FARLIG GODT




Er du slik som meg og likar søtt med eit hint av salt bør du prøve desse kjeksa!
Syndig gode!! Og med ein kopp cappuccino frå kaffimaskina
til vart det aldeles utsøkt!

Eg er ekstremt kresen på kaffe  - så Senseo kaffemaskina har fått stå ganske ubrukt
fordi eg rett og slett ikkje har likt kaffien som har vore å få kjøpt til den.
Men no har heldigvis Friele kome på bana med kaffeputer
med vanleg kaffe og cappuccino.
Kan absolutt anbefalast!




Men tilbake til kjeksa...... Oppskrifta fann eg i eit blad som Sparbutikkane har.
Eg har gjort nokre endringar i forhold til oppskrifta - blant anna har eg brukt mindre sukker
fordi eg synest 5 dl. er uhorveleg mykje! Likar ikkje å bruke så mykje sukker
så eg brukar å knipe inn der det er mulig -  og det går heilt fint!

Her kjem oppskrifta:

    3 dl. kveitemjøl
1 ts. flaksalt
     1ts. bakepulver
200g.smør
                  5dl.sukker(eg brukte 3)
        1ts.vaniljesukker
2egg
          6,5dl. havregryn
                                               350g.mørk kokesjokolade(Eg brukte 200 og synest det var rikeleg)

Bland mjøl, salt og bakepulver i ei skål. Visp smør, sukker og vaniljesukker kvitt, og visp inn eit egg om gongen. Bland i det tørre. Rør i havregryn og grovhakka sjokolade. I oppskrifta står det at ein skal trille ut kuler - eg sette dei med skei på steikebrettet. Trykte dei litt ned og dryssa litt Maldonsalt over. Mmmmmm!!!! Eg fekk 27 stykker - 3 brett med 9 stykker på. Synest dei vart passe store. I oppskrifta står det at det vert ca. 20 - dei må då bli kjempestore!
Steikast ved 175grader i 10 - 15 min i følge oppskrifta. Det synest eg var for lite så eg bruke 180 grader i 15 -17 minutt. Men det kjem no an på steikeomnen så her må ein prøve seg fram.




Med dette vil eg ynskje alle mine trufaste besøkande 
god påske!

Takk for alle fine kommentarar eg får - og takk for råd når det gjeld
stolane i forrige innlegg! Husbonden har bestemt at stolane
ikkje skal malast - og sidan det er hans stolar får 
han det som han vil:)
Og eg er heilt
enig!!

Håper du får ei fin påske:)

ALVA


4 kommentarer:

  1. Mmmmm det var skikkelig Laurdags kaffikos.
    Dissa skal prøvast og eg er enig med deg i at det går an å knipe inn på sukkeret i dei fleste oppskrifter.
    Ha ein god kveld.
    Laurdagsklem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Takk for oppskrift på noko som ser kjempegodt ut :)
    Ekstra kjekt at du fortel om din eigen vri. Eg må prøve desse.
    God påske til deg óg, vermessig ser den ut til å bli fin på våre kantar :)
    Her er hytteferie. Akkurat no er eg trillepike medan resten av gjengen er på skitur. Kjekt !

    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Det ser ut som du koser deg skikkelig - fint med blomster også. Jeg vil og spandere på meg noen blomster i påska. Det er ikke så ofte jeg gjør det, men trenger litt fint nå som det er vinter. Det er ikke så mye som skal til :)

    SvarSlett
  4. Mmm, desse ser farleg gode ut! Trur nok eg skal prøve meg på desse i påska:-) Eg bruker også ofte med fodel å kutte ned på sukkeret. God påske vidare til deg:-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no