torsdag 21. mars 2013

JORASTOLAR OG LITT TIL



Det viser seg at husbonden har vore eigar av to gamle jorastolar i over 30 år utan at han hugsa det!
Heldigvis har han ein bror med bedre hugs enn han sjølv - så i helga vart han
gjenforeint med stolane sine! Rett nok svært skitne og litt "måttetne"
men likevel sjarmerande fine!



Var i utgangspunktet tenkt å male dei - men etter ein grundig vask og ei natt ute i 10 minusgrader
pluss ein omgong med permetrin er eg ikkje så sikker lenger.
Den andre stolen er ikkje så mykje slitt 
og fargen er litt mørkare.
Tenkte fyrst å male dei i lysegrønt eller lyseblått, men enn så lenge får dei vere som dei er.
Kva synest du - skal eg male dei eller ikkje?




Eg har lenge ynskt meg ei slik gammal symaskin. Og jammen så dukka det opp ei til oss tilslutt.
Den har til og med tilhøyrt bestemora til husbonden så det kunne ikkje passe bedre!
Det er ei Singer maskin og er fullt brukbar! 



Ein gammal bærplukkar var vi også så heldige å få i eige.



Denne fine vasen i lysegrønt passar bra i lag med dei andre lysegrøne
tinga eg har frå før.




Den gamle Egersund skåla er både sprukken og krakelert - men i mine auge er den vakker
likevel. Den fekk straks plass på kjøkkenbenken.

Veldig kjekt når ein plutselig og uventa vert eigar av slike fine antikvitetar!

3 kommentarer:

  1. Heisedet kor kjekt når slike ting dukka uventa opp. Dei stolane var stilige. Vanskeli å sei noko om dei skulla vore måla eller ikkje. Kan du ikkje ha dei ei stund slik å kjenne på det kva du føler sjølv? Kanskje ikkje så lurt å forhaste seg.
    Ha ein god kveld, frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Her var jammen mange fine ting.
    Stolane ville eg ikkje mala, dei er så ekte slik dei er.
    Eg arva ei lignande symaskin frå mor mi, også sameleis vekt som di.
    Det er så kjekt å ha slike minner frå ei tid som var.
    Det måtte vel vere nesten julaftan hos dokke :)

    SvarSlett
  3. Fint å få slike ting uventa :) Syntes stolene er fine som de er - du kan jo ha dem slik ei stund og se om du liker dem slik før du eventuelt maler dem.
    En slik bærplukker har vi også - jeg kommer fra en bærplukkende familie, så den setter jeg veldig stor pris på :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no