mandag 18. mars 2013

KARDEMOMMEBY



Eg har lenge vore på jakt etter dette fine kardemommebystoffet.
Og det som er så bra med blogging er at ein kjem i kontakt med mange
kjekke bloggedamer. Randi med bloggen Fargefest hadde dette stoffet og ville gjerne bytte
med meg. Så då sende eg avgarde eit stoff frå samlinga mi som ho hadde 
lyst på og eg fekk tilsvarande mengde med 
kardemommebystoff
frå henne.




Har kleia bra i fingrane etter å sette saksa i stoffet og sy kjolar av det!
Før helga gjekk eg laus - og vips så hadde eg nesten 
brukt opp alt stoff.... buhuuu....



Men du å du så kjekt det var å sy av det då!
Eg har tralla og sunge kardemommebysongar heile helga -
(ikkje det at eg kan synge altså, for det kan eg nemlig ikkje i det heile teke!)
forskjellige songar alt etter kvar på stoffet eg heldt til. Diggar dette stoffet!
Vil ha meir!



To kjolar, ein forklekjole og ein overall vart det til slutt.
Har litt meir stoff men det må eg spare på.



Vert glad av å sjå på desse herlege figurane!


Glad vart eg også då eg var på bruktbutikken laurdag - då fekk blodpumpa køyrt seg litt:)
Og om mulig vart eg endå gladare då vi i går fekk i hende 
nokre fine antikvitetar og to rååfine gamle stolar!
Har visst litt å blogge om utover veka:)
Fortsettelse fylgjer.....

Og som om ikkje alt dette er nok så er vi velsigna med eit
 aldeles nydeleg ver om dagen - 7-8 pluss og sol!!
Rett nok ligg her ein del snø endå,
men det gjer faktisk ikkje 
så mykje!
For no smeltar den fort!

Håper sola skin hos deg også og at våren ikkje er langt unna!

ALVA.

7 kommentarer:

  1. Ja, dette stoffet er verkeleg herleg:)) Fine saker du har sydd av det:) Eg likte spesielt godt kjolen med grøne armar.

    SvarSlett
  2. Herlig Herlig!! Tror jeg må ta en tur til mamma'n min -for hun har et sengesett liggende, og det må jo fungere perfekt til en enkel sommerkjole til loppa!?! :)
    Likte såååå godt vesten og nickersen i innlegget under! FANTASTISK!! :)
    -Mari

    SvarSlett
  3. Så mye fint du har sydd av stoffet :) Takk igjen for byttet!!
    Fint å høre at du har kosa deg med stoffet :p

    SvarSlett
  4. Masse flott - det stoffet har så mange fine bilder - helt enig! Kjenner jeg gleder meg til å ta barna til Kardemommeby i sommer - det er fint ved å bo her sør :)

    SvarSlett
  5. Herleg stoff ja og nydelege kjolar du har sydd. Så flink og produktiv du er!

    SvarSlett
  6. Ingunn & Nathalie :)19. mars 2013 kl. 13:57

    Nydelig fint :) har stoffet sjølv, lure på om Nathalie må legge inn ei bestilling med deg :)

    SvarSlett
  7. Hallo,hallo!!!!
    Kor kjekt at du møtte lisje snella vår. Ja, ho er verdens sjønnaste :)) og ikkje minst snillaste...heile dagen lang og natta også.
    Du desse Kardemomme kreasjonane var nydelige......og eg som kasta eit sengesett med dette stoffet ( stort også). Hadde spart på det lenge så for det i bosset. Fy skamme seg meg...men det var før eg hadde funne bloggen din. Verste av alt det var ikkje slete heller men for barnslig for han som bor igjen her.
    Nydelig ver ja.....men eg er sååååååå lei kulden. Det tinar dårlig når det er så kaldt om natta.
    Kos deg til kvelda under teppe, varm klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no