torsdag 28. mars 2013

STOFFLYKKE


Det er rart kor glad ein kan verte av fine stoff.
Det er få ting som gir meg slik lykke som å finne spesielle og gjerne gamle stoff.
Og når ein til alt overmål finn eit stoff med kløver på så må ein berre verte lykkelig!
Sist eg var på bruktbutikken sto det ei stor kasse på golvet ved stoffreolane. På toppen sto det
skreve diverse stoff. Tydelegvis nokon som hadde levert inn heile kassa.
Med skjelvande hender og bankande hjerte opna eg kassa.
O lukke! Øverst låg forskjellige fløyelsstoff - 
eg starta å plukke.


Det neste eg får auge på er dette yndige raude og kvite stoffet
med kløver og sommarfuglar!
Har du sett noko 
så søtt?

Så får eg auge på det grøne stoffet under her og heldt mest på å dåne.....


Men du store mi tid for ein jobb eg fekk med å vaske det! Det farga av noko aldeles 
forferdeleg! Fyrste vatnet var svart. Andre mørkegrønt. Tredje grønt osv...
Fyrst etter fem vaskevatn og minst femten skyllevatn var det 
nokolunde bra. Så det freistar ikkje å bruke det til
barnekle i allefall . Trur det må bli
vesker av det.

Det vart ein bra dunge før eg kom til botnen av kassa.  



I tillegg fann eg to fag kjøkkengardiner i dette herlege brune retrostoffet!




Noko av fløyelstoffet eg fann har eg allereie brukt. Det kjem det bilde av ein annan dag.
Sylysta er endeleg på veg tilbake -  den tok visst påskeferie i forrige veke....
Men i dag har eg endeleg fått sydd litt igjen.


********


Siste par dagane har det vore snøver elles har vi hatt ei strålande flott påske!
Men sidan eg har jobba dei fleste kvardagane har vi heldt oss heime.
Og så skal eg på jobb igjen påskeafta.
Sånn er det - nokon av oss
må halde hjula 
i gong...

Håper du har ei superfin påske der du er!

ALVA

7 kommentarer:

  1. Nydelege stoff, forstår godt at du heldt på å dåne, du som er så stoffgal ;)

    God påske vidare sjøl om du må på jobb.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Fine stoff du fekk tak i der:) Blir nok laga masse flott ut av dette.
    No er det år og dag sidan eg var i ein bruktbutikk, men det er sjeldan eller aldri noko bruktbart stoff å finne der eg går:(

    SvarSlett
  3. Så heldig du var da :)
    Kan nesten ikke vente på at loppesessongen begynner :)
    Ønsker deg og dine en finfin påske

    SvarSlett
  4. Ja, det skjønnar eg godt at det må vær topp LYKKE for deg......heldigvis vart det ikkje full dånings på deg :))då hadde eg ikkje fått lest om funna dine...
    Det blir nok mange fine kreasjonar av dissa stoffa....spennande å sjå.
    Ha fortsatt ei strålande Påske, klem frå MarJE.
    Full påskejobbings her.

    SvarSlett
  5. Å jøye meg kor heldige du var,reine skattekassa du kom over!! Trur påskeharen hadde våre ute ja;0)
    Ser for meg alt det fine du kjem til å trylle fram..og enige med deg om at det grøne vil bli fine vesker;0)
    God påske til deg og dine c",)
    Påskeklem

    SvarSlett
  6. Åh, jeg kjenner den følelsen når man kikker gjennom stoffbunker, og hjertet banker :) Supre funn! Likte kjempegodt det røde og hvite stoffet! Har lest at eddik binder farge i tekstiler, så kanskje du kan legge det grønne stoffet i en eddikblanding natta over og så vaske det en siste gang?

    Påskeklem :)

    SvarSlett
  7. Så heldig du var!
    Likte veldig godt det rød og kvite,vakkert, vakkert!
    Gleder meg til å se hva du har sydd:)

    Ønsker deg ei fortsatt flott påske!

    Klem:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no