fredag 1. mars 2013

TEDDYBEAR PICNIC


Då har eg hoppa frå overallar til forklekjolar! Har prøvd eit nytt mønster denne gongen. 
Det er frå boka Sikksakk og mønsteret er Luddeklær sitt.
Litt anna fasong enn det mønsteret eg har frå før.
Likte denne veldig godt!


Er visst heilt forelska i dette søte stoffet her eg! Det er så gøy med slike stoff der ein kan 
plukke ut forskjellige motiv! Då kan ein variere i det uendelig:)
Dette stoffet er slik - store og små motiv
om einannan.



Slik ser det ut bak. Fora med eit søtt dynetrekk i sarte pastellar.
Same stoff er brukt som
underlag.




Veldig raske å lage - så det vart ein til i same farta. Her har eg brukt det unike 
Carl Larsson stoffet som eg skreiv om her.
Mitt favorittstoff nr.1!!!



Fora med eit herlig retro dynetrekk frå ein av mine kjekke givarar.



Så er det fredag igjen gitt - og til og med 1.mars!
Fyrste vårmånaden - men her er ikkje
mykje som minner
om vår.

Snø, slaps og vindfullt- og verre skal det visst verte.
Vermeldingane til i morgon er ekstreme
så då er det best å halde seg
innandørs!

Det har eg tenkt å gjere - og då er det vel fare 
for at det vert litt sying:)

Ynskjer alle som kikar innom ei flott og kreativ helg!
Håper du ikkje bles bort :))

Klem frå Alva

9 kommentarer:

  1. Kjempesøte begge to, er så imponert over kor flink du er! Inspirerande! God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Du lagar så utruleg mykje lekkert !!
    Eg blir heilt overgidde.
    Eg vil gjerne kjøpe noko, men ventar til hausten, lisjepia er berre
    3 mnd. men ho har ei syster på 5 år som likar å pynte seg.
    e-postadr. mi er amo.kaldhol@tussa.com

    Ynskjer deg ei fin helg, innandørs.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Fine forklekjolar! Det oransje stoffet var knallfint, så eg skjønar godt at det er din favoritt mellom stoffa:)

    SvarSlett
  4. Disse forklekjolene er sååå fine, ligner det mønsteret jeg bruker:) Greit at de er tosidige:) Og det fineste orange Carl Larssonstoffet:)
    God helg til deg Alva:) Hyggelig å lese hva som gjør deg glad idag:) Jeg pakker og rydder idag jeg, men snart MÅ jeg ut en tur med Kira:) Og så....30 km langrenn for kvinner:)
    Trine:)

    SvarSlett
  5. Det er samme mønsteret jeg bruker - det er veldig greit. Likte kjempegodt de herlige stoffene du har brukt - alle fire :)
    Her er det sur vind, men ikke snø - heldigvis :) Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  6. Så fin kjole!! Og er fantastisk stoff! Virkelig lekker til ei lita jente!!
    HA en kjempefin kveld!
    Klem Siri

    SvarSlett
  7. Hei Alva!
    Dissa var smekre...dekorative. Jøsses kor du får det unna. Dinna puseoverallen i innlegget under også var så yndig. Søtt pusestoff. Du er berre så flinke ...... Nei, eg blir ivertfall ikkje lei av å sjå kreasjonane dine. Det er berre å vise dei fram...kosa meg med å sjå på dei eg.
    Uff,ufyselig ver. Men då får vi kose oss inne.
    Ha det fint, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  8. Så kjempesøte kjoler i flotte farger!

    SvarSlett
  9. Bare så utrolig flotte!
    Herlige stoffer du har brukt,stoff en blir i godt humør av:))
    Har syplanene klare jeg også, en sliten finger har satt en stopp for mer strikking...og noe må en jo ha av håndarbeid;)

    Fin kveld til deg!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no