fredag 8. mars 2013

TIL EIN LITEN HERREMANN



Dette er det eg har styra med på syrommet denne veka - kle til ein liten herremann.
Har prøvd ut nokre mønster, om eg skal satse på fleire  slike 
plagg til Postkjellaren.

For ordens skuld - blusen har eg ikkje sydd! Den har tilhøyrt eldstemann -
måtte opp på mørkloftet og leite den fram
til fotograferinga:)


Vesten synest eg var grei å sy - når eg berre knekte koda med vrangsyinga.
Så eg trur nok det vert fleire slike vestar.



Buksa synest eg det var litt meir styr med. Det er både lommer og gylf på denne -
Gylf er år og dag sidan sist eg sydde så den streva eg litt med.
Trur eg må finne meg eit enklare buksemønster.




Men den vart fin då - med mange detaljar. Linningen har knappholstrikk 
så den kan justerast. Veldig praktisk.



Og her er prikken over i-en! Ei herlig skyggelue - eller møsse som svenskane ville ha sagt:)
Den var veldig grei å sy - og ikkje minst morsom!

Skulle sjølvsagt hatt ein liten herremann som fotomodell -
men det har eg desverre ikkje!


Har kosa meg skikkelig med å sy desse gutekleda sjølv om eg 
har sveitta litt innimellom!


****************************


Så er det fredag igjen og her har vi nettopp innteke fredagspizzaen
etter denne oppskrifta. Den er berre sååå god!
Anbefalast!!

Litt raudt i glaset vart det jammen meg også - men berre litt
sidan det er jobb på meg i morgon:)

Ynskjer alle ein god fredagskveld og ei strålande fin helg!
Her har vi kalde og flotte dagar-
reine påskestemninga!

Klem frå Alva

4 kommentarer:

  1. Wow, for et flott sett! Kan tenke meg det var litt konsentrasjonsarbeid å sy det. Jeg har ikke sydd glidelås i klær siden jeg gikk på ungdomsskolen. Da sydde jeg faktisk skinnbukser (skai) :) Det var på 80-tallet.
    Kos dere med pizza. Tror vi også må finne frem noe godt her :)
    Go held :)

    SvarSlett
  2. Så utrolig fint! Fine detaljer og nydelig søm. Et forslag, ser for meg buksa i knikkesvariant.
    God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Jøje meg kor fint. Denne dressen var flott med mange fine detaljar. Møssa var toppers...prikken over i-en. Du er virkelig flink Alva. Etter eit slikt meisterverk fortjena du både herlig pizza og god raudfarge i glaset. Eg måtte stå over det raude i glaset sida eg har arbeishelg. Best å ver blank når eg møter opp :))
    Ha ei god helg og nyt den etter du er ferdig på jobben.
    Klem frå MarJE ( eg frys)

    SvarSlett
  4. For eit fint antrekk !
    Med to søner har eg sydd nokre bukser og til og med vestar, men
    det er tretti-førti år sidan....
    Det hadde kanskje vore artig å prøve igjen ?
    Hua du har sydd er også tøff.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no