fredag 15. mars 2013

VEST OG NIKKERS

Har laga ein vest til og den måtte få fylgje av ein nikkers!


Fekk tips om at det hadde gjort seg med nikkers til vesten då eg hadde innlegget 
om kle til ein liten herremann.  Eg hadde faktisk tenkt tanken sjølv 
men mangla mønster. Til denne vesten her måtte det berre 
vere ein nikkers så då laga eg likegodt mønster sjølv.
Tok utgangspunkt i eit enkelt buksemønster 
og laga den litt kortare.
Så får vi håpe den passar til ein toåring. 
Var litt usikker på kor vid den skulle vere under knea.
Har laga splitt og knappelukning.



Stoffet eg har brukt har eg funne på gjenbruksbutikken og er nok eit gammalt
dress-stoff. Er usikker på kvaliteten - det virkar som ull 
men eg har mistanke om at det er syntetisk i det.
Mulig det er blanding ull/syntetisk.


 Brukte ei litt anna mønster på vesten også - denne har to små lommer.





Måtte lage ei skyggelue til dette settet også.
Synest det vart eit herleg nostalgisk sett.

Men no må eg ta ei pause med vestane for det var litt tungt for hendene.
Har lyst til å lage fleire så eg får sjå etterkvart..... 
Har ein kranglete tommel så eg får vel prøve å halde meg til lettare arbeid. 

Det er eg i gong med allereie faktisk!
Har fått tak i eit stoff som eg har vore på jakt etter lenge 
og det er såå kjekt å sy av det!! 
Satsar på å få lage meir 
i løpet av helga.

Bilete kjem etterkvart:)

Fin fin helg til deg!

Alva.

6 kommentarer:

  1. Bærre lækkert !!

    Vonar du får ei fin helg :)
    Anne-mari

    SvarSlett
  2. Stilig sett! Blir ein flott, liten kar som får bære dette:)
    Fine puter du hadde sydd deg! Blått er flott:)

    SvarSlett
  3. Steine det also kor du får det til. I det settet såg eg Eeeeeemil....:)) Kjempefint Alva. Det er jammen bra at du får fikse fingeren din....håper du ikkje må gå med gips i 6 veker i sommar. Det blir litt traudigt.
    Eg har hatt rotehus i ettermiddag. Holdt på å potta om dei plantene eg har vinterlagra. Brukar å gjere det ute men i år går ikkje det med denne traudige vinteren som ikkje skal gi seg.
    Ha ei fin helg...sola skin iallfall :)
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Så fint sett! Supert til en liten kjekking som skal pynte seg :)

    SvarSlett
  5. Dette er bare knallfint! Superflott og den kule lua. Du er flink!

    SvarSlett
  6. Så utrolig flink du er!
    Dette ble virkelig flott, likte så godt skyggelua, den ble prikken over i-en:)
    Nostalgisk og veldig fint:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no