søndag 28. april 2013

BACK IN BUSINESS


Då prøver eg meg på blogging igjen,
framleis med ei hand på tastaturet. Litt bedre men ikkje heilt bra enno.
Takk for helsingar og omtanke, det varmar!

Det vansklegaste er å halde seg unna symaskina -
ja det er nærast umogeleg!


Så litt sying har det vorte, blant anna denne puta 
med den søte pusen og hunden på!

Mummistoffet fekk eg sikra meg hos Kaspara for ei tid tilbake
då ho hadde salg. To bitar av det hadde ho att.
Stoffet med dei raud dottane er frå ei 
gammal kjøkengardin.


Som eg har nemnt før har eg ein svoger som er like hekta på bruktbutikkar og 
gjenbruk som meg. Rett som det er får eg nokre godbitar frå han.
For ei stund sidan kom det hentelapp på ein
pakke i posten frå han. 

Eg ante ingenting om det og husbonden hadde gløymt å informere meg.
(Det er broren hans)

Så då måtte eg berre snu i døra og dra rett på posten og hente den.
Og det var ei eske full av herlege dukar, brikker og 
strameibilete, bl.anna dette søte her!

Kjekt med slike hyggjelege overraskingar!!

Og eg har fått fleire slike overraskingar nyleg, det får 
eg vise noko av neste gong!



Til bakstykke har eg brukt det herlege klovnestoffet som kjem frå 
eit dynetrekk funne på bruktbutikken.

Då har eg skreve nok i denne omgong!

God søndag til alle som kikar innom:))

Helsing Alva

6 kommentarer:

  1. Kjempesøt pute! Jeg har også planer om å sy et par puter av et gammelt brodert bilde. Det blir liksom ekstra fint med den broderte strukturen.
    Fin søndag til deg :)

    SvarSlett
  2. Kor godt at du er betre.
    Har litt problem med høgrehanda eg òg, jammen er det vanskeleg.... skal bruke den til alt !!
    Artige puter, det ser nesten ut som blodert det med katten og hunden.

    God betring vidare :)

    SvarSlett
  3. God bedring, tante. :)

    Klem Charlotte

    SvarSlett
  4. Det var jammen bra at handa er betre.
    Kjempefin kombinasjon med brodert innslag.......artigt.
    Kor kjekt at du har ein slik svoger som tenker på deg med gjenbruksutstyr :))
    Ha ei god veke, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Flott pute!
    Likte også kombinasjonen med broderi:)
    Veldig kreativt og fint!
    Ønsker deg en fin kveld!

    SvarSlett
  6. For ei skjønn pute og kjekt at du er tilbake! Har ikkje vore så aktiv sjølv heller i det siste, har ikkje vore i bloggemodus men håper at det tek seg opp igjen snart:-)
    klem frå mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no