fredag 12. april 2013

FINASTE FINE STOFFET!


Dette trur eg må vere det finaste stoff eg nokon gong har hatt i hende!
Har du sett noko så fint?
Sjå på dei smilande blomane! Til å dåne av:))
 Og huset - herlighet noko så fint!
Og dei søte dyrefigurane ...
Sukk....



Det har vore ei gardin og er vel frå 70-talet eller tidleg 80 -tal ?
Ei av mine "faste" levrandørar kom på døra til meg i påska med ei stor kasse med stoff.
Og av dette stoffet ville ho at eg skulle lage noko til jenta hennar.
Må sei at eg har vegra meg for å klippe i det - for tenk 
om eg skulle gjere ein feil og øydelegge det!

Tok det fram og såg på det maaange gongar før eg tok sats og klipte!
Kva eg har laga får du sjå når plagget er overlevert.
Har eit par ting til eg skal ha ferdig først.
Men det nærmar seg, 
Ingunn:)



Stoffet er godt utnytta - her vart det ingen restar!
Skulle gjerne hatt mykje meir av dette!!
Heile gardina målte 130x65


Helg og vår i lufta - det må vel bli bra:)
Her har vore fine dagar men kalde netter så det går seint med 
snøsmeltinga. Men såg på yr at det skal regne heile 
neste veke så då får den vel fart på seg.

Fin fredagskveld og god helg ynskjer eg deg!

Helsing Alva

5 kommentarer:

  1. Dåne -det er et skikkelig flott barnestoff. De fine husene minner om det barneprogrammet som gikk da jeg var liten "Lekestue" :) Gleder meg til å se hva du har laget av det. Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  2. Artig stoff! Minner meg om at eg har ei rød retro barnegardin eg kan bruke til eit kvart:)
    God helg!

    SvarSlett
  3. For eit artig stoff. Ikkje rart du likte dette.
    Skal bli kjekt å sjå kva du lagar av det.
    Ja, no kjem nok regnet, og det er nesten på tide, månader sidan sirt.
    Men syns eg høyrer gramminga når det kjem.... Slik er me ;)

    God helg til deg :)
    Klem

    SvarSlett
  4. Forstår at dette falt i smak...veldig søtt.
    Gled meg til å sjå kva det er du har laga av det og mottakaren er jammen heldig :))
    Er det ikkje deilig no når det vart mildare. Her er det skøyteis på plenen og i beda. Har aldri sett noko slikt før.
    God kveld, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Ingunn & Nathalie :)15. april 2013 kl. 08:15

    Vi gler oss :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no