tirsdag 2. april 2013

INSPIRASJON


ADVARSEL:
Dette innlegget er langt og med maaange bilete -
og innheld tildels latterlige gjensyn!

Eg har nemleg vore på inspirasjonsjakt i mine gamle handarbeidsblad.
Eg starta å abonnere på Alt om håndarbeide i 1978.
Har vore på nippet til å kaste heile samlinga fleire gongar -
særleg på 90-talet då vi var på flyttefot
stadig vekk.

13 årgongar veg nemleg ganske mykje!( eg sa det opp i 1991).
Heldigvis gjorde eg det ikkje - og no i påska
har alle permar kome ned frå 
mørkloftet.


I blada frå -78 og -79 er det mykje fargerikt!
Dette veggteppet her likte eg veldig godt! Det kunne eg godt tenke meg å lage:)







Vel vel - er vel kanskje ingen som går rundt med tusjar i brystlomma lenger....
men festlig var det i allefall!



Hadde dette vore noko kanskje?




Festlig ja.....he he...



Dette likte eg faktisk !
Og det er heller ikke vanskelig å klippe dem i stoff
hvis De heller ønsker det....
Formelt språk  på 
den tida!



Denne er iallefall toppaktuell no!


Så kjem vi over til 80 - talet og då slit eg litt....


Slik skulle vi kle oss til jul i 1984....
(og vi gjorde det sikkert også)



Eller slik kanskje....




Det var visst prikkar på 80-talet også....



Svart og dristig! Wow - det får ein sei var vågalt!



Kan ikkje huske at eg gjekk rundt med hatt så ofte akkurat.... 
men det var tydelegvis topp mote!



O-la la!! DEN var vel litt dristig!



Kva med ein ny strikkegensar til mannen??!!




Her synest eg det luktar litt mafia....


Ja dette vart ei morsom reise i tid og mote!
Om eg vart så veldig inspirert er  vel heller tvilsomt -
 må sei at eg likte best det eg såg i blada
frå 70 - talet. 8o - talet finn eg 
ikkje så særleg inspirerande
akkurat...


6 kommentarer:

  1. Artig å sitte å bla igjennom gamle blader :)
    Husker jeg hadde en slik bublebukse med runde lapper på knærne..mine var rød med hvite lapper ;)

    Takk for titten ;)
    Janne

    SvarSlett
  2. De bladene er bare supre! Jeg har et par jeg har fått av min bestemor, og av og til låner jeg noen permer fra 1970-tallet... På 90-tallet kjøpte jeg det jeg tror var det bladet i et halvt år, men de kastet jeg. Det angrer jeg bittert i dag. Husker der var mange fine mønster der. (Jeg var student og sying var det siste jeg tenkte på :)

    SvarSlett
  3. Hahaha, eg ler godt av 80-talsmoten :) Eg kan ikkje forstå at dette skulle vere fint. Takk og lov for at eg var for lita til å følgje moten dette rare tiåret :)
    Dei vatterte nylondressane, derimot, var midt i blinken! :D Ein slik skulle eg så gjerne hatt til Emil-en vår, som for tida er høgt og lavt og overalt :)

    SvarSlett
  4. Kjekt å sjå.
    For meg som er godt vaksa har motane frå alle desse tiåra vore aktuelle.
    Eg har hengande ei lignande lang kappe som den frå 80- talet. Har ikkje hatt råd til å sende den... Og bukseskjørt hadde eg i mange variantar, både vide, lange og andre korte ;)
    Når gutane mine var små på 70, og tidleg 80 tal var det vanleg å sy kleda deira. Bobledressar, heile eller to-delte var heilt nødvendige, då som no...
    Artig å mimre.
    Takk for at du viste oss :)

    SvarSlett
  5. Så artig å sjå, ikkje mykje frå 80-talet som fall meg i smak heller:-) Artig kor motar og smak endrar seg.

    SvarSlett
  6. SÅ artig!

    Jammen mykje rart vi såg på som fint ein gong...

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no