mandag 1. april 2013

PUTER


Hadde planer om å sy masse i påska -
men av ein eller anna grunn har det ikkje vorte slik.....
Har fått sydd nokre skuldervesker som kjem i eit seinare innlegg 
og i går fekk eg laga eit par puter.


Dette søte bambistoffet har eg hatt liggande ei stund.
Kjøpte det hos AvMeg i lag med nokre andre stoff. Det måtte verte ei pute av det!
Sidan det er eit ganske tynt stoff har eg hatt på litt tjukk veskevatt på
baksida - sånn som skal strykast på.



Det artige stoffet med kanina på kjem og
frå same dama. Fekk det attpå ein gong eg handla hos henne.
Heldige meg:) Det blå stoffet kjem frå Kaspara.
Måtte sette merkelappen på ein litt rar plass 
fordi der var eit par små hol
akkurat der.
Men det er det som er så sjarmerande med brukte stoff -
ein må gjerne finne på kreative ting for å 
utnytte stoffet.
(ikkje det at det er så kreativt å sette merkelappen på ein anna plass då.....)

**********

Siste dagen i påskeferien - og no skin
 sola igjen heldigvis. Det har vore litt til og frå siste dagane.
I går lava snøen ned og det var rett så ufyseleg.
Må no stikk sola fram og tinar den
vekk igjen.

Oppdatering:
Eg tok visst munnen litt for full tidlegare -
no lavar snøen ned igjen!
Full vinter med
andre ord....

********

Velkommen til ny fylgjar - kjekt at du fann
vegen innom meg og vil 
fylgje meg!

God 2.påskedag til alle som stikk
innom!

ALVA

3 kommentarer:

  1. Hei :)
    Jau det var kreativt å sette merkelappen over småhola.....Kjempesmart å kome på slike lure idear så ein får nytte stoffet. Veldig søte puter til småfolk.
    Håper snøven fer i rakettfart, no skal det bli vår. Eg vart så sur når eg såg snøven i går at det var fristande å legge seg igjen å drage dyna over hovudet.
    Kos deg siste Påskedagen. I dag gjekk eg på fri :))
    Klem frå meg i svingen.

    SvarSlett
  2. Friske, fine puter! Har ikkje sydd eit einaste sting denne påska, eg.

    SvarSlett
  3. Så koselig å se hva som trylles frem av stoffbitene. Ble fint med blomstrete ramme rundt de større bitene :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no