tirsdag 9. april 2013

SKULDERVESKER


Desse skulderveskene er ei stund sidan eg laga
men eg har ikkje vist dei før.


Som eg nemde ein gong tidlegare fann eg ein del fløyelstoff på bruktbutikken for ei tid tilbake.
Det var ganske kraftig fløyel så den egnar seg godt til vesker.
Denne fargen er heilt umulig å gjengi rett!
Den er vel meir lindegrønn
i verkelegheita.




Denne er laga av ein duk - også frå bruktbutikken.
Den hadde ein flekk så då måtte eg applikere på noko for å skjule den.
Valgte eit stort hjert i mørkeraud lin og sydde på ei krokalisse i overgangen til det
svarte stoffet for å ta igjen fargen. Skøytte på med det svarte fordi eg ikkje 
hadde nok av rutastoffet. Fin måte å utnytte stoff på. I tillegg 
synest eg det gir ein fin effekt.



Knappen vart liksom prikken over i - en!



Og denne er laga av restestoff frå gardiner som eg var så heldig å få!
Kraftig stoff og supert til veske!
Her brukte eg det grå stoffet(som kjem frå ei gardinprøve) som botn
fordi hovedstoffet er så lyst i botnen.
Likte den så godt at......
neida - eg skal IKKJE ha fleire vesker no!!!

Denne og resten vert med til Postkjellaren til sommaren!


4 kommentarer:

  1. Du er eit oppkome av idèar.
    Og så praktisk med botn i farge som toler litt.
    Knallfine vesker !
    Trur eg må ha meg eit tur til Postkjellaren i sommar. Det blir vel annonsert når det er ope ?

    Ha ein fin tysdagskveld !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. De veskene dine er kjempefine! Den i fløyel var min favoritt, den kommer nok til å fly fort ut av butikken til sommeren :)

    SvarSlett
  3. Disse veskene var virkelig flotte!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no