søndag 7. april 2013

Treng fleire vesker eg nei.....


så langt derifrå!
Men har eg laga meg ei ny veske?
Jada - det har eg veit du!


Måtte teste ut eit veskemønster eg fann i eit blad.
Har gjort ein del endringar i forhold til orginalen - blant anna
har eg sett i glidelås. Veska er laga av ei dongeribukse frå bruktbutikken.
Den har ein hank og var rask og enkel å lage.
Vart veldig fornøgd med den!



Med ny veske og ny turkis jakke kan berre våren kome for min del!
Det vert ikkje meir meg enn dette! 



Brukte eine baklomma som innvendig lomme.
Enkelt og greitt.....



 Slik var utsikta då eg sto opp idag!
Masse nysnø....
Og i treet var det tomt for fuglemat!



Pus var heller ikkje fornøgd med at det var kome snø.
Og ikkje ein einaste fugl i sikte sidan
det var tomt for mat....
I dette vinduet brukar ho å sete og fylgje med på fuglane
som kjem for å ete.

Når skjora kjem stupande vert ho redd og dukkar.
Då ligg ho skinnflat i vinduskarmen....
Men når småfuglane kjem set
ho på vakt og lagar rare
kneppelydar....


Fin søndag og flott ny veke ynskjer eg
deg som tittar innom!

ALVA

3 kommentarer:

  1. Fin veske! Den stod jo godt til nyejakka di:)
    Eg såg på nokre sommardunjakker sist eg var i Bergen. Dei finaste modellane var også dei dyraste, så det vart ikkje noko kjøp i denne omgang.

    SvarSlett
  2. Så fint de passa sammen, veska og jakka. Lurt med lommen du har brukt inni :) Her har vi heldigvis sluppet snø, men våren lar vente på seg. Jeg er så klar, så klar for vår nå :)

    SvarSlett
  3. Hårres det kor stilig du skal vere!!! Det var fine blåfarge.Trenge ein alt då...men det er no kjekt med nytt :)))
    Eg har samla i hop dongeribukser og div. har tenkt å prøve å sy litt :)) men kva tid det blir veit eg ikkje. Har hatt storrydding siste tida. Hjelpe meg kva som blir samla på....
    Bilen er oppfyllt, skal rett på VØR i morga.
    Visst det ikkje blir vår snart trur eg at eg må på rekreasjon...held på å bli sprø av snø og frost.
    Ha ei fin veke...forhåpentligvis med mykje sooooooooool ¤
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no