søndag 26. mai 2013

GJENBRUKSFORKLÈ


Dette er eit forklè som er laga nesten berre av tekstilar som har levd eit liv før.
Det nederste stoffet - det med hjerte på har vore ein duk.
Det øverste har vore ei kjøkkengardin,
det same med knytebeltet.


Lomma er laga av ein serviett - slike som fylgjer med somme dukar.
Duken hadde nokre flekkar og dei er kamuflert under
lomma, bak heklabrikka og under det brune
hjertet som er klipt ut frå duken.

Og her står eg - framleis inspirert av godaste Kaspara som blant anna 
lagar dei finaste forkle av retrostoff.


I går hadde vi ein nydeleg dag her når berre skodda letta ut på dagen.
Så då vart det litt hagearbeid og då fekk eg endeleg
ordna til ved inngongspartiet.


Er ikkje heilt enig med meg sjølv om det vart "too much", mulig 
eg kjem til å ta vekk stolen. Den skal egentleg inn i 
Postkjellaren når eg opnar der, så kanskje 
den får stå til dess.

I dag ser det ikkje ut til at skodda har tenkt å lette - den ligg
ganske så tett i det eg kallar "knehøgde".
Og med 10 grader freistar det
ikkje å gå ut iallefall.

Fin søndag til deg som finn vegen innom!

Helsing Alva

5 kommentarer:

  1. Tøft forkle du har laga, inspirerande og fin blogg Alvhild:)

    SvarSlett
  2. Slike forkle er så koselige, og veskene under er bare lekre. Jeg falt selvsagt helt for den øverste :) Gleder meg til å se bilder fra Postkjelleren fremover :)

    SvarSlett
  3. Fint forkle, og så artig måte å kamuflere flekkar :)
    Eg likar inngangspartiet ditt. Mange fine ting samla der.
    Eg prøver å få til litt utanfor vår inngangsdør, men om sommaren
    fyl nordavinden med fineveret og den står rett på :( Men litt har eg no likevel :)

    Anne-mari ynskjer god helg.
    Eg trudde det var denne helga dokke opna på Bjørke, men har ikkje sett annonse..

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei vi opnar ikkje før om 3 veker - helga 22. og 23 juni.
      Då er det "Midtsumardagar" på Bjørke og masse som skjer! Kjem til å informere her på bloggen og så held eg på og lagar facebookside om du er der:)
      Kjekt at du likar inngongspartiet mitt! Bygde over for nokre år sidan - før det var det umulig å ha det fint der i regn og blåst!

      Slett
  4. Flott forkle!
    Og så kjekt å bruke opp igjen stoffer på denne måten:)
    Vakkert har du også gjort det ved inngangen,koselig velkomst dette!

    Her er regn i dag, men tror det gjør godt etter de varme dagene.
    Og så får jeg gjort litt inne også, ikke bare ute:)

    Fin søndag til deg!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no