torsdag 23. mai 2013

GLA' VESKER


Desse veskene synest eg vart nokre skikkelege gla'vesker!
Det er ei stund sidan eg laga dei men har ikkje teke bilete av dei før i dag.


Denne er laga av ei herleg retro gardin. Likar dette stoffet kjempegodt!
Modellen er den same som denne veska.
Er kjempefornøgd med den og
brukar den dagleg.



Denne er laga av rustfarga cordfløyel frå bruktbutikken og pynta med 
ein flower power blomst frå ein gardinrest.



 Denne er også laga av eit stoff frå bruktbutikken. Dette stoffet hadde aldri
vore vaska og eg måtte bruke 5 vaskevatn og 15 skyllevatn
før det ikkje farga noko særleg av lenger.
Difor bestemte eg at eg ikkje ville 
bruke stoffet til å sy kle av.
men til veske passar
det bra!

Tusen takk for alle fine kommentarar på forrige innlegg -
set stor pris på kvar og ein!


****************


Det nærmar seg
opning av Postkjellaren faderleg fort no!
Opning for sesongen vert helga 22. og 23.juni. Kl. 12- 17 begge dagar.
Den helga er det midtsumardagar på Bjørke
med mange arrangement,
bl.anna fjellturar.

Kjem tilbake med meir detaljar seinare.

Helsing Alva


7 kommentarer:

  1. Fine og artige vesker !
    Må nesten le av stoffet som farga slik av.
    Me hadde djupraude kreppsengesett på 70-talet, dei farga av til sin siste dag, heilt utruleg.

    Eg skal notere opningshelga på Bjørke i boka mi.
    Var der for nokre år sidan. Mykje fint å sjå.

    Ha ein fin kveld.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Fine og fargerike vesker!
    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  3. Ja, det var gla-vesker. Eg har hatt deprimert innlegg no så dette gjorde godt for humøret :))
    Tida den går så fort no framover og plutselig starta mange sommaraktivitetar.
    Ha ei fin helg på Bjørke, veret held seg vel får vi håpe.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Kjempefine vesker !!
    Skjønner at den gule er en favoritt, for den var bare så lekker :)

    God helg
    Janne

    SvarSlett
  5. Dån! :) Ingen tvil om kva for ei som er mi favorittveske! :) Det guloransje stoffet er til å døy av, det er så nydeleg :) Sjølv er eg svært fornøgd med den ultrafine, brune og oransje retroveska eg kjøpte av deg på Bjørke i fjor. Den blir brukt dagleg :)
    Lukke til med sesongopning. Du får garantert selt kjempemykje! :) Til neste sesong kan kanskje Hekkans heklebok òg pryde hyllene dine? ;)
    God helg :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Kristin:) Kjekt at du er fornøgd med veska du kjøpte;)
      Ja det hadde vore supert å få selge boka di neste sommar:))
      God helg;)

      Slett
  6. Hei,

    Den grønne var kjempefin !!!

    Hilsen Hanne fra Madla

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no