onsdag 15. mai 2013

MUMMI I LANGE BANER


Sist fredag kom ei dame og leverte eit 
Mummi - sengesett til meg og lurte på om eg ville sy
 noko av det til jenta hennar. Og det var sjølvsagt ikkje nei i min munn:)
Eg spurde kva ho ville ha - og då var svaret:
Lag det du vil! Og slike ord lyder som
musikk i mine øyre!!


Etter å ha sett på det i ca. 5 sekund etter at eg pakka det ut
hadde eg planane klare! Det fyrste eg såg var at 
det i allefall måtte verte ein forklekjole
og mammelukke.
  


Slik såg det ut - forskjellig stoff på begge sidene!
Litt dårlige bilde men eg kom litt seint
på at eg skulle ta bilde av det.

Sengesettet er kjøpt på Jysk
og er i barnestørrelse.



Så då var det berre å få det i vaskemaskina og få det tørt i ein fei!
(Strauk det tørt tilslutt)











Ein artig detalj er å bruke oppatt merkelappane. 
Då ser det straks meir proft ut:)




Forklekjolen er vendbar, så her er det to i ein!



Putetrekket (som eg gløymde å ta bilde av) 
passa perfekt til ein bluse.
Ermane frå dynetrekket.







Resten av dynetrekket (øverste delen) var akkurat nok til eit skjørt.
Til bakside måtte eg bruke eit anna stoff.



Og resten av baksida av dynetrekket vart ermar til ein finkjole.
Passar perfekt som 17-mai kjole:)


Dette var eit veldig morsomt oppdrag og plagga vart laga i rekordfart!
Så fort gjekk det at hendene måtte kvile eit par dagar etterpå.
Men sånn er det når ein vert ivrig - då er det
 vanskeleg å stoppe i tide:)

Helsing Alva

8 kommentarer:

  1. Så utrolig fint. Kjempesøte klær!

    SvarSlett
  2. Så utrolig mye du fikk utav det settet:) Er imponert jeg Alva:) Her er det ingen syenergi, og det har det ikke vært på lenge:) Er så midt i mellom alt nå med planlegging av nytt hus, flytting, pakking, salg av hus osv osv:) Håper gnisten kommer tilbake for jeg har et hav av stoff :)
    Håper du har fine dager:)
    Klem Trine:)

    SvarSlett
  3. Du er bare helt genial!
    Så utrolig lekkert:)
    Mummi var en stor favoritt hos ungene mine, det var mummitrollbøker,filmer,figurer og jeg vet ikke hva:)
    Tenker motakeren blir superfornøyd!
    Det er en fryd å se hva du tryller frem:)

    Ønsker deg en fin kveld!

    SvarSlett
  4. Oj, tenk så mye fint du fikk ut av et lite sengesett - fantastisk flott. Det hørtes ut som et gøyalt "oppdrag" å få :) Fin kveld til deg også :)

    SvarSlett
  5. Skjønne plagg! Eg synest du fekk utnytta stoffet veldig godt. Tenkjer det vart ei lykkeleg, lita jente som fekk alt dette på ein gong:)
    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  6. Du er berre så kreativ og flink!
    Jenta blir nok henrykt når ho får dei herlege kleda :)

    Ynskjer deg ein fin 17 mai !
    Anne-Mari

    SvarSlett
  7. Hei,
    Endelig kom eg meg innom bloggen igjen :))
    Smeis for ei flinke dame du er!!!! Ditte likte eg kjempegodt. Utrulig kva du får til av eit lite sengesett. Ja, det ser heilt profft ut alt saman. Den siste kjolen med prikkar var flott, minner meg om plagg frå barndommen som mi mor sydde til meg og også med slikt bølgeband.
    Ha ein strålande 17.Mai. Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  8. Men i alle dager som du kan trylle Alva !!
    Du har virkelig utnyttet det sengesettet til det fulle :)
    Og med merkelappene på ble det skikkelig proft ;)

    Ha ei fin 17. Mai feiring :)
    Janne

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no