torsdag 2. mai 2013

SLIK VART DET.....


Huskar du dette fantastiske stoffet her som eg skulle sy
noko av til ei lita snuppe?


No er plagget forlengst kome til sin eigar
og eg kan vise det til deg:)


Ein kjole måtte det sjølvsagt verte!
Og her er så og seie heile stoffet brukt. 
Det vart eit lite puslespel for å få det til, men det gjekk!
Var veldig lei meg for at eg måtte klippe av det orange huset,
men det var plassert så midt på stoffet at det ikkje var til å unngå.
Synest det var synd med alle figurane eg måtte klippe i også, men det måtte til....
Slike stoff kallar eg dilemmastoff . Med det meinar eg at uansett 
kvar ein klipper så vil ein øydelegge noko!
Hjerteskjærande!!!

Mønsteret til denne kjolen kjem frå eit eldre Alt om Håndarbeide.
(Men ikkje frå 80- talet nei....)

Og eigaren vart strålande fornøgd, ansiktet lyste opp i eit stort smil då ho såg den!
Hadde kamera liggjande klart for å ta bilete då ho prøvde den - 
men huska eg det? Neida...

Ha ein fin kveld!

Alva

9 kommentarer:

  1. Nathalie og Ingunn2. mai 2013 kl. 20:47

    frøkena var meget fornøgd ja ;) NYDELIG <3

    SvarSlett
  2. Helt skjønn!! Jeg smiler litt, for i dag har jeg også klippet i slikt dilemmastoff. Det er som du sier vondt å klippe i stykker noen motiv for å få andre motiv frem på det som skal syes. Hadde vi bare hatt meter på meter av disse stoffskattene som vi liker så godt :) Fin kveld til deg :)

    SvarSlett
  3. Fantastisk fint stoff!! :) Kjolen ble kjempesøt!!

    SvarSlett
  4. Den kjolen er nydelig Alva.) Skjønner godt du kvier for å klippe i disse stoffene:) Lenge siden jeg har sydd jeg nå, men Gjøa trenger sommerkjole, de skal til Spania snart:)
    Fine dager ønskes deg fra Trine:)

    SvarSlett
  5. Forstår godt at jenta vart begeistra for denne fine kjolen :)
    Du får mykje ut av stoffa dine.

    Ynskjer deg ei fin helg :)
    Anne-Mari

    SvarSlett
  6. For ein fantastisk nydeleg kjole! :) Og så mange fine detaljar i stoffet. Synd at det oransje huset måtte "bøte med livet", men eg er sikker på du får vist det fram på ei pute eller veske el :)
    Tusen takk for den nydelege duken, som no ligg på skjenken i stova! :) Eg skal finne på noko kjekt å sende til deg i retur om litt ;)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  7. Nydelig Alva !!
    Stoffet du har valgt var så fint :)
    Et slikt mønster er jeg på leit etter.. syns slike kjoler er så fine.

    Ha ei strålende helg ( selv om været ikke er på topp )
    Janne

    SvarSlett
  8. Hei :-)

    Så nydelig kjolen ble :-) utrolig artig stoff :-) Håper helgen blir en kreativ og flott en :-)

    Ta vare på øyeblikkene :-)

    Klem

    SvarSlett
  9. Flott og unik kjole! God helg!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no