torsdag 9. mai 2013

VESKE TIL EI HESTEJENTE


For ei tid tilbake fekk eg bestilling på ei skulderveske til ei hestejente.
Ho ynskte seg ei veske i dongeri med rosa for
og som dekor ville ho ha bilde av
favoritthestane - det eine 
forma som eit hjerte.
Og så måtte der vere litt blonde:)
Veldig jentete med andre ord!

Og slik vart resultatet:


Jenta har venta ei stund på veska si.
Fyrst fekk eg vondt i ei hand og måtte ta ei pause i sying.
Når så handa var såpass at eg kunne sy igjen så ville ikkje printeren 
lage fine bilde. Striper i alle regnbogens fargar er ikkje fint tvers over ein hest!
Etter utallige forsøk på rensing var det framleis like ille.



Enden på visa var at husbonden spanderte ny printer på meg 
og fine bilde kunne igjen printast ut:)
Så då fekk eg endeleg fullføre prosjektet!



Innvendig lomme til mobiltelefon og nøklar er greit.
I tillegg har eg laga ei glidelåslomme.
Kjekt til f.eks pengar og 
liknande.

Håper at jenta vert fornøgd med den nye veska si!
Eit er iallefall sikkert:
Det finst ingen som 
har maken!


2 kommentarer:

  1. Artig og forseggjort veske, er sikker på at jenta blir fornøgd:-) Irriterande når ting ikkje fungerer som det skal, eg blir fort frustrert av slikt. Godt du fekk deg ein ny printer.
    Rydda akkurat i e-posten min og kom over ein fin kommentar frå deg om fire-åringen min. Merkeleg at den ikkje viser i bloggen... Kjekt at du syns han liknar på meg, eg syns sjølvsagt at han er verdas finaste:-) Klem frå mari

    SvarSlett
  2. Kjempefin veske - fin i dongri og med det bildet i hjerteform :) Go bedring med hånda :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no