onsdag 12. juni 2013

DISK


Som eg har nemnt før har eg kjøpt eit skap på bruktbutikken 
som har vorte gjort om til disk til 
Postkjellaren.


Slik såg det ut før arbeidet tok til.
Skapet har nok stått på
eit kontor.

Det geniale er at det har ei skyvedør som dekkjer heile opninga
og så kan det låsast.



Når døra vert opna rullar den rundt til baksida.
Ikkje akkurat fint som front 
på ein disk...



Og slik vart den innvendig etter at husbonden hadde gjort sitt.
Ei skuffe og to hyller. Toppen vart pussa ned
og lakka.



Til fronten har han trekt ei kryssfinerplate med strie slik at den og kan fungere
som opphengstavle til plakatar og anna.


Denne sida var ikkje så fin så den fekk og ei plate med strie på.

Er veldig fornøgd med den nye disken - trur den vil fungere supert!
Tidlegare hadde eg ei stor trekasse som disk.
Tøft, men litt lite og
upraktisk.

Den viser forresten på bildet over - 
heilt bak ved veggen.



Og over her har det gamle kjøkkenbordet frå forrige innlegg kome på plass!
Det var råfint i lag med dei gamle kjøkkenskuffene som
var der frå før!!

Så no gled eg meg verkeleg til å fylle opp Postkjellaren
med alt eg har laga gjennom 
siste året!

Berre 10 dagar att til opning!!

Panikk nei???
Ikkje i det heile teke.......
(berre bittelitt....)

Helsing Alva.


Ps: No er Postkjellaren også på facebook!
Trykk her så kjem du rett inn.
Kjekt om du vil følge meg
der også!

(Takk til anonym som hjalp meg slik at eg greide å linke!
Eg er ganske amatør når det gjeld slike ting!)



3 kommentarer:

  1. Så fint det blir. Synd jeg bor så langt vekke, ellers hadde jeg tatt en tur :)

    SvarSlett
  2. https://www.facebook.com/Postkjellaren?fref=ts

    SvarSlett
  3. Halloen.
    Kreativiteten er på topp der i huset ser eg. Disken vart super og brukarvennleg.Fin krok på sida også. Og kjøkkenbordet gleid rett inn ilag med skuffer og kassa til sæpefabrikken...du får det til du, flinke dama. Snart brakar det laust i Postkjellaren. Håper sommaren også kjem for fullt då...det hadde vore topp.
    Ha ein fin regnverskveld innadørs, klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no