søndag 23. juni 2013

FLOTT OPNINGSHELG!

Ikkje mykje jonsokfeiring her i garden!
Helga har gått med i Postkjellaren og ingen av oss 
tenkte på at det var jonsokafta så det vart ikkje handla inn noko av
 grillmat og godt å drikke! Men vi fekk servert rjømegraut 
på Bjørke så kvelden vart redda likevel!


No er vi heime igjen og ganske slitne etter helga. Opninga har gått over
all forventning! Mykje folk innom dørene og godt sal begge dagar!
Laurdag var veret ganske grått med skodde langt ned
som du ser på bildet over her!



Det slutta heldigvis å regne utpå dagen, men skodda letta aldri.
I dag derimot vart det eit strålande ver og det 
strøymde folk til den vesle bygda!
Ja det var nesten trafikkaos
ei stund!




Utruleg kjekt! 
Mange gode tilbakemeldingar 
på utstillinga og arbeida mine er veldig inspirerande
og gjer at det er verdt alt arbeidet!



For det er mykje arbeid!
Ikkje berre det som skal lagast,
men det å lage ei bra utstilling er ganske krevjande!
Mange mange timar med arbeid og mange omsnuingar før 
denne dama vart fornøgd. Perfeksjonist vert
eg kalla - og det stemmer nok bra....



Den gamle symaskina etter farmora til mannen gjorde seg veldig godt 
i gangen. Bordet den står på har han laga for mange 
år sidan. Det har stått i kjellaren siste åra 
men har no kome til nytte 
igjen!



Det var til tider folksomt i det vesle lokalet vårt!

Veldig fornøgd med opningshelga!
No har eg heldigvis ferie for det må litt sying til!
Det vart nokre store hol i utstillinga
som må fyllast!


Ha ei strålande fin veke!

Oppdatering mandag:
Flott bildeserie i Sunnmørsposten i dag!
Trykk her så får du sjå!

Helsing Alva

4 kommentarer:

  1. Halloen!!
    Kor kjekt at helga vart vellykka og salget gjekk som ein leik. Sjølv om veret ikkje var på topp så kanskje det er i slikt ver folk tek turen å handlar. Såg forresten at der er kjentfolk på bilde også :))
    Skjønar godt at du fekk gode tilbakemeldingar, det er no så flott det du lagar. Søte den kjølen med blomsterbroderi på.
    Her har det vore jobbings og no er det mi siste vakt før ferien braka laust ...det skal bli deilig.
    Lykke til med syinga for å tette salgshola. Veldig kjekt med slike hol.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Så koselig at åpningshelga ble så vellykket!
    Kanskje ikke så rart, for du lager de nydeligste ting:))
    Flotte bilder!
    Og flott bildeserie fra Sunnmørsposten også, ble så begeistra for de skjønne tømmerhusene og vakre landskapet:)

    Ønsker deg ei fortsatt fin uke!

    Sommerklem:)

    SvarSlett
  3. Det er tydelegvis på vakre Bjørke det skjer!:-) Supert at opningshelga var så vellykka, er imponert over alt du får til. Såg bileta i Sunnmørsposten og kika også på linken du ha lagt ut, fekk verkeleg lyst til å ta turen, så dukkar nok opp ut på sommaren:-) klem

    SvarSlett
  4. Kor kjekt å lese både her og i avisa.
    Flott at det kom mykje folk og at du fekk selge mykje.
    Då har du att for strevet.

    Vonar det lukkast å ta turen til Bjørke i løpet av sommaren.

    Lukke til utover sommaren.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no