torsdag 6. juni 2013

KORTBUKSE I DONGERI


Då er kortbuksa i dongeri ferdig!


Bamsen på lomma er frå ei gardin funne på gjenbruk.
Buksa er i størrelse 2 år.



Kjekke å sy desse buksene, men mange detaljar så det tek litt tid.
Får sjå om det vert fleire - har lyst å lage ei i 
retrostoff, men har ikkje funne det
rette stoffet enno.



Stoffet bør ikkje vere for tynt - det må tåle litt røff bruk.
Får ta ein kikk til i stofflageret mitt,
har heilt sikkert noko som
kan brukast!

Så får vi håpe at det vert ein fin sommar  slik at
nokon har bruk for ei slik bukse:)

*******

Her vart det regn og kjølig igjen
dvs. sy-vêr!

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko;)

Helsing Alva.

4 kommentarer:

  1. Denne var enda finere, men gleder meg selvsagt til å se om du tryller frem ei enda mer retro ei :)
    Ser at det er mange detaljer. Skjønner godt hva du mener. Jeg liker best å sy ting som går litt unna. Nå for tiden er jeg i putemodus samtidig som jeg har veldig lyst til å sy et stort lappeteppe. Og så var det noen sommerbluser, og så var det.... Akk, så mange planer, men så lite tid ;)

    SvarSlett
  2. Kjempesøt, og så forseggjort med masse fine detaljar! Veldig imponert! Klem frå mari

    SvarSlett
  3. Fin bukse !
    Det blir nok mykje spennande å få kjøpt på Bjørke snart :)
    Takk for koseleg kommentar hos meg.
    Kokvarmt i sjøen blir det nok ikkje her på våre kantar, idag har det vore
    9-10 gr i lufta her ute, og høljeregn. Gjekk tur på stien i Fløstranda og vart våt
    på skuldrane under regnjakka.

    God helg !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Hei Alva!
    Så stilig bukse du har sydd! Kjempefin! Jeg har så sansen for hjemmesydde barneklær, mora mi sydde alt til oss på 70-tallet, kan huske jeg var så kry når hun hadde sydd noe nytt til meg:-)
    Ha en kjempefin helg!!!
    Klem Siri

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no