lørdag 8. juni 2013

LOPPER OG BRUKTFUNN!


Dagens loppemarknad var ikkje av den sværaste eg har vore på
men resulterte likevel i eit par fine funn!


Den fine kaffikjelen med raude detaljar kunne eg berre ikkje gå i frå! Såå fin!!
Den skal få kome til Postkjellaren og verte ein del av utstilliga der.

I tekstilavdelinga var det lite trengsel og få godbitar.
Ikkje eit einaste retrostoff å sjå! Det blå og kvite
stoffet låg i ei kasse under bordet og eg såg
det ikkje før eg hadde gått derifrå
og snudde meg for å ta ein 
 siste kikk.....

Kofferten i raudt og kvitt var heller ikkje lett å få auge på under ei hylle!
Og lukka var stor då eg opna den og såg at det ikkje berre 
var ein koffert men heile tre!!



Dei to største er rett nok i ganske dårlig forfatning - 
men for 20 kr. går det likevel an!
Desse vert og med til 
Postkjellaren.

Elles var det ikkje så mykje spanande å finne.
I møbelavdelinga var det ein del fine ting
men ingenting eg har bruk 
for no.

Dette var den andre loppemarknaden eg har vore på denne våren.
Den forrige gjekk eg tomhendt i frå og det er
fyrste gongen det har skjedd! Der var 
absolutt ingenting eg kunne tenke
meg, og prisane var 
altfor høge!


 Som eg nemde tidlegare fann vi eit par fine ting på 
gjenbruksbutikken tidlegare denne veka - 
blant anna eit knallstilig bord.



Og her er det!
Synest det er råååfint!
Bordplata er voksa, så det einaste
som er gjort er at husbonden 
har pussa den rein.



For hundre kroner vart det vårt:)
Kosta egentlig det doble, men sidan vi  også kjøpte
skapet som skal verte disk så slo han av prisen.
Fint for oss det:))

Husbonden er i full sving med å gjere skapet om til disk.
Veldig kjekt med ein handyman som kan trå til!
Eg berre seier korleis eg vil ha det - 
og han utfører ordre:)

No skal det seiast at han er ganske så nevenyttig og likar
å halde på med slikt arbeid. Og at han har 
bakgrunn som møbelsnekkar
er ikkje noko minus:)

*******

Tusen takk for dei fine kommentarane
på innlegga om kortbuksene!
Set stor pris på kvar 
og ein:)

God helg til alle som finn vegen innom!

Helsing Alva.

5 kommentarer:

  1. Likte bordet du hadde kjøpt deg:)
    Eg var nett på ein lokal loppemarknad, og der var det absolutt ingenting som frista. Der var saktens fine, greie saker, men eg kjøper ikkje berre for å kjøpe. Dei hadde også ein rar måte å selge på, for du måtte sjølv foreslå ein pris...
    Fortsatt god helg!

    SvarSlett
  2. Bordet ditt er kjempefint.
    Eg har ikkje vore på loppemarknad denne våren, det har ikkje passa slik, men
    det kriblar når eg ser koffertane og kjelen din..
    Kanskje det byr seg ei anledning seinare.

    Ynskjer deg fin helg vidare !
    Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Kjempefint bord. Synes at trenden har blitt slik nå, med overprirsede lopper. Og heller dårlig utvalg. Vi skal til Spania om en god uke. Skal reise ilag med gode venner, som har vært der mange ganger før. Og veninna mi har samme interesser som meg, og hun har lovet meg store flotte markeder, så jeg gleder meg stort.

    Fin søndag til deg og dine.

    SvarSlett
  4. Så kjekt når ein finn saker ein likar. Bordet er veldig likt eit kjøkkenbord vi hadde heime for lenge sia. Trur nesten det er same sorten :)
    Ja, det er veldig greit med ein mann som kan utføre jobben etter ønskjer frå fruen. Kjekt med flinke mannfolk!! Gled meg til å sjå benken.
    Kor fine dongerikortebuksa i forrige innlegg var. Skikkelig proff og eg ser i lappen som du har merka den med inni. Virkelig flott og gjennomført.
    Ha ei god drøymandes natt.
    Nattaklem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Mange herlige funn - så gøy med kofferten som viste seg å inneholde flere :) Og bordet ditt er presist likt to krakker jeg nettopp har kjøpt - likte så godt den gråaktige fargen på beina mot bordplata i tre, og passe slitt. Kjempefint! Mannen min er alltid villig til å hjelpe, men han er nok best på ting der man ikke trenger å være så nøye ;)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no