søndag 2. juni 2013

SVELE


Få ting er vel så typisk sunnmørsk som svela!
I dag vart det sveler til søndagskaffien.


Hadde ståande noko surmjølk som gjekk ut på dato for nokre 
dagar sidan og då passa det bra å lage sveler. 



Har mange forskjellige oppskrifter
men den eg brukte i dag synest eg er den beste.
Og så er den veldig enkel!



3 koppar mjøl (knapt)
1 kopp sukker
2ts.natron 
2 koppar surmjølk(vel)
2 egg.
Eg brukte store koppar i dag så då tok eg eit egg ekstra og litt meir natron.
Bland alt raskt saman og la røra stå og svelle ein halv time.
Der av namnet svele.....




Godt med rømme og rørt jordbærsylte på....



men aller best med.....



.....smør og sukker....mmmmmm!!!
Fekk du lyst på svele no?

6 kommentarer:

  1. Jaaa !!
    Lenge sidan eg laga.
    Skal prøve oppskrifta di.
    Eg likar dei best med meierismør og brunost...

    Nyt !

    SvarSlett
  2. Med blanke ark og fargestifter til ja ;o)
    Takk for oppmuntrende ord, det varmer.

    Mmmm, ser godt ut med sveler, eller lapper som me kalle det.
    Eg kose meg med ost og kjeks faktisk. Kanskje eg sku ha funne fram litt vin...? ;o)

    Ha ei flottanes nye veka!

    SvarSlett
  3. Fekk så absolutt lyst på sveler, ja:) Artig med slike kopp-oppskrifter. Kanskje eg skal prøve denne neste gong eg lagar slike.
    Ha ei fin, ny veke!

    SvarSlett
  4. mmmm, desse såg skikkeleg gode ut:-) Tusen takk for dine koselege kommentarar Alva. Ønsker deg ei fin, ny veke, me får håpe på masse sol:-) klem frå mari

    SvarSlett
  5. Det kan du vere aldeles, fullstendig sikker på at eg fekk! Vatn i munnen! :)
    Takk for superenkel sveleoppskrift. Den skal testast ut i helga :)
    Eg har faktisk aldri tenkt over at namnet kjem frå å svelle, so no lærte eg noko nytt i dag òg :)
    God klem til deg.

    SvarSlett
  6. Oddus starlandes det for nokre luftige sveler du har laga. Dei såg heilt smeltandes gode ut. Den oppskrifta skal skrivast ned og prøvast. Den var enkel også.....men oftast er det enkle best.
    Spennande med bedet som du har greve opp. Det gled eg meg til du skal vise fram.
    Gjett kven som kom på natteleg besøk til meg :D....ei du kjenner godt....startar på R og sluttar på N.Verdens snillaste!!!!!Ja, det var bursd.....
    Håper det blir ein varm god dag i morgon, Nattaklem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no