torsdag 20. juni 2013

VELKOMMEN TIL SESONGOPNING!
























Då er Postkjellaren klar for den fjerde sesongen!
Laurdag klokka 12 opnar vi dørene
og gled oss til å ta imot
nye og "gamle"
gjestar!

For å finne oss køyrer ein mot kyrkja.
Der er det også greit å parkere.

Det vert skilta, så eg trur det skal vere
greit å finne fram.

Så får vi håpe at vergudane er på vår side slik at 
det går an å nyte utsikta frå den fine 
terassen vår og smake den
himmelske gode
sommerkaka
mi!

Det vert ope både laurdag og søndag frå kl.12- 17 denne helga.
Resten av sommaren vert det ope kun søndagar.

VELKOMMEN TIL POSTKJELLAREN
PÅ BJØRKE!


PS. Hugs og ta med kontantar då eg diverre
ikkje har betalingsterminal!

Er du usikker på korleis du kjem deg til Bjørke?
Frå Volda køyrer du Kvivsvegen innover mot Fyrde. Er litt
usikker på kva som står på skilta. Men du køyrer iallefall heilt til Kalvatn
og like før Kvivstunnelen tek du av til Bjørke, det er skilta.
Krysset kjem litt brått på mellom to tunnelar, så ver obs.
elles hamnar du i Hornindal!

4 kommentarer:

  1. Så mye fint du har i butikken din !
    Klærne er så fargeglade og fine :)
    Og så har dere så fin utsikt, å sitte å se utover sjøen gir en fin følelse..
    Lykke til !!

    Janne

    SvarSlett
  2. Å, kor kjekt det hadde vore å besøke deg. Sit og vrir hjerna
    om eg får det til, men nei, det må bli ein søndag seinare.

    Du har så mykje spennande i butikken at det er eit syn !
    Eg forstår at du ikkje er i det tunet eg har vore før ?

    Ynskjer deg stor lukke første helga !!
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei eg har lokale heilt for meg sjølv:) Forstår at du har vore i Bakketunet.
      Eg held til i kjellaren på barndomsheimen min - der var det postkontor før:)

      Takk for lukkeønskingar! Alltid spanande med sesongopning!

      Slett
  3. Oj, så mye spennende du har i "kjelleren" din :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no