tirsdag 9. juli 2013

BLOGGBESØK:)


Sist søndag var eg så heldig 
at eg fekk koseleg besøk av ei anna
bloggedame i Postkjellaren. Det var søte Anne-Mari
med bloggen "amo sin blogg".

Bildet har ikkje noko med bloggbesøket å gjere - det viser min dyktige far som fortel om telegrafutstillinga til eit lydhøyrt publikum!

Og tenk - ho har laga eit 
heilt innlegg om Postkjellaren!
Innlegget kan du sjå her!

Anne-Mari har ein veldig fin blogg
og skriv om litt forskjellig frå kvardagslivet.
Og så tek ho veldig fine bilde
av blomar og naturen
elles.


Det er så kjekt å 
treffe andre som bloggar for du føler
at du kjenner dei litt allereie og ein får fort kontakt.
Anne-Mari og eg var raskt på nett
og skravla som gamle
kjenningar!

Tusen takk for
 at eg fekk treffe deg Anne-Mari,
vi må absolutt
møtast att!



Her har veret vore slik
at det var mest freistande å halde
seg innandørs i dag så då har det vorte innesyssel.
Og for ein gongs skuld vart ikkje symaskina prioritert.
 Starta dagen med å rime av frysaren og det 
enda med 13 flasker med
bringebærsaft!
(Pluss 6 liter usukra saft til frysaren:)
Den vart så tom etter avriminga at
eg måtte fylle litt nedi att!)


Så no har eg oppvask
på størrelse med eit fjell på kjøkkenet!
Men sidan ryggen måtte ha ei kvild
passa det bra å blogge
først:)

Håper på 
betre ver i morgon!
I dag har vi knappast sett
dagslyset!

Ha det fint!

Helsing Alva.

5 kommentarer:

  1. Så kjekt då! Kjempefint bloggeinnlegg av "Amo sin blogg". Elsker ugleveskene og ugleputene dine...blant anna:-).
    Traudig vær i dag men skal visst bli likare i morgo:-)Mmm, bringebærsaft, ser kjempegod ut! Flink du er! Klem

    SvarSlett
  2. Hei, kor artig med bloggbesøk, kan tenke meg at det var skikkelig koselig.
    Kjekt med ein "pape" som kan fortelje om historia som har vore.
    Mykje godsaker du fekk ut av frysartøminga di.....deilig med heimelaga saft...mmmmmmmmmm.
    For eit ufyselig gråver og den kraftige vinden som har vore. Dei høge staudene brotna ned, skulle tru det var haust. Dei sei det skal bli bra i morgon men det ser utrulig mørkt ut no ivertfall.
    Du får berre ruse laust på symaskina til det lysnar ute.
    Ha det fint, varme klem frå MarJE.
    PS! No skal eg sjå innlegget du linkar til.

    SvarSlett
  3. For eit koseleg innlegg. Takk for fin omtale :)
    Ja, det er rart, me var nesten gamle kjente :)
    Me skulle kanskje tatt oss tid til ein historietime med far din.
    Særleg telefonhistoria syns eg er interessant då mor mi fortalde mykje om kor
    ho gjekk med telefonbod lange vegane i Hjartåbygda der dei hadde stasjonen i huset.

    Som du ser i kommentarane hos meg er det mange som vil ta ein tur og besøke Postkjellaren ;)
    Safta di ser god ut, sat akkurat og snakka om at no må me ha nett over bærtrea før fuglane forsyber segså det blir igjen noko å lage saft og gele av.

    Ha ein fin dag (det skulle visst bli sol..)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Så koselieg å treffe damene man snakker med via bloggingen - jeg har gjort det noen ganger. Kjenner jeg får litt dårlig samvittighet her jeg leser om frysen din - skulle nok også ha gjort det for lenge siden, men det er en så lite fristende jobb. Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  5. Høres ut som dere hadde et trivelig bloggbesøk:)
    Og masse god saft som resultat av fryseravriminga,hjemmelaget saft smaker sååå masse av sommer!

    Ønsker deg ei fin sommerhelg!
    Så får vi håpe på at sola titter innom også:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no