fredag 12. juli 2013

HAGEPROSJEKT


Dette er på
ingen måte nokon hageblogg
og dette vert nok det første og einaste
hageinnlegg frå min 
eigen hage.



Men sidan eg har 
nemnt dette prosjektet tidlegare og veit at ei
viss hagedame er spent på resultatet
så vert det eit hageinlegg
denne gongen;)



Skulle i grunnen hatt 
førbilde for då kunne ein verkeleg
sett forvandlinga! For den er formidabel!
Dette området var totalt attgrodd før eg tok spada fatt
for ein dryg månad sidan. Gjorde det så grundig
at hender og rygg måtte ha nokre
veker å kome til
hektene att:)



Siste par dagane 
har det vore perfekt ver for haging
med lettskya og 18-20 grader. Så med hjelp frå
mannen har eg endeleg fått fullført 
dette prosjektet!
(nesten iallefall)



Nussi-pusen er storfornøgd
med den nye gangvegen! Tidlegare gjekk
hellegangen midt gjennom bedet. Men sidan den bakerste
delen var ein vanskeleg plass å få noko til å vekse
pga. stein,røter og alskens ugras
valgte eg å legge 
den der.

Manglar enno noko stein,
må på jakt etter nokre flate til å ha i bakkant
og nokre store runde til å ha
i bedet.

Småsteinen mellom
hellene er sjøstein kjøpt på Felleskjøpet.
Neida, eg er ikkje sponsa sjølv
om faren min arbeidde
der til han vart
pensjonist;)


Her er jungelområdet.
Det er umulig å få noko til å trivast her fordi
store bregner og ei etterkvart høg rogn tek mykje lys.
Så difor la vi bark her og prøver
med litt vintergrønt.




Vanskeleg å sjå
på bildet, men det er nesten ei
hule bak hostaen .

Viser betre
på bildet under.



Det einaste eg ikkje 
spadde opp var to buksbom og
 ei bergenia pluss den store
hostaen under
bregna.


Resten av plantene
er nykjøp unnateke kuleprimulaene
som er planta langs hellegangen. Delte nokre
røter eg hadde frå før. Synest dei er så fine
og så er det så kjekt å ha noko 
som kjem tidleg.


Er kjempefornøgd 
med resultatet! Vert sååå
inspirert av alle flotte hagebloggar rundt om,
men eg har desverre ikkje rygg til å 
halde på slik eg 
ynskjer.

Men eg er glad
for at vi endeleg har fått ordna 
dette området for det ligg rett utanfor inngongen.
 Eg var ganske så flau over
korleis det såg ut!



Måtte berre 
ta med bilde av den nydelege
potterosa eg har i ei 
krukke....



og desse fantastisk flotte
georginene!

Ynskjer deg ei fin 
og blomstrande  helg!

Helsing Alva


5 kommentarer:

  1. Dette kan du vere stolt over, vart kjempeflott. Fin sti med flotte steinar langs kanten, har verkele sansen for å bruke stein i kombinasjon med blomster. Eg har også litt hageprosjekt på gang. Vi har laga ei trapp og no har eg laga blomsterbed på begge sider av den og lagt litt flate steinar i plenen ovafor trappa. Synes det er ganske kjekt å halde på men synd ugraset gror så fort, ikkje like kjekt å luke så å plante:-)

    SvarSlett
  2. Kjekt å fornye litt ute også:) Veldig fint med stien av stein. Lurte eit øyeblikk på om du hadde plukka all småsteinen;)

    SvarSlett
  3. Jammen har du fin hage. Ikkje rart ryggen protesterer når du skal bere så
    mykje stein, men flott vart det.
    Nydelege roser.
    Har du sett at Postkjellarinnlegget toppar lista hos meg ?
    Eg trur nok du ser auke i besøka hos deg også :)

    God helg !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Hårre des kor fint also !!!!!!
    Du/dåkke har virkelig gjort det skikkelig fint.....ditta likte eg.
    Vore på fellesen å kjøpt så mykje stein....måtte vel bli ei formue, men den var fin.
    Eg skulla hatt nokre lass av den :))
    Pusen passa perfekt inn...like rein og fin som bedet.
    Supert innlegg, eg har rulla ned og oppigjen nokre gongar for å studere.
    Ha ei strålande god helg, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Dette kan du virkelig være stolt av!!
    En kjempejobb med fantastisk resultat, helt nydelig:)
    Likte veldig godt stien din (steingal som jeg er, plukker jeg stadig med meg stein hvor jeg går)
    Og den skjønne pusen setter nok også pris på flott sti:)
    Vakker rose og georginer også.

    Her bøtter det ned med regn, så i dag er det helt klart greit med blogging;)

    Riktig god helg Alva!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no