torsdag 4. juli 2013

HJERTEBANKSTOFF OG SØTE BAMSAR

Det er kjekt å ha gode naboar!
Her ein dag kom nabodama på døra til meg med ein 
blytung sekk med avlagt sengetøy frå svigermora ! Og når svigermødre
ryddar skap er det store sjansar for at det kan dukke opp 
nokre retroperler! Eg hadde ikkje tid til å vente til 
sekken kom innomhus så eg endevendte 
den like godt ute på trappa :)


Og då to av dette ultrafine dynetrekket dukka opp kom det eit 
gledeshyl eller to ja! Var vel nokre andre naboar som 
lurte på kva som foregikk
tenkjer eg!



Dette synest eg også er knallfint!
Elles var det mange gode kreppdynetrekk i forskjellige
 fargar i sekken.



Dagen etter tok eg ein tur til bruktbutikken og der fann eg ein 
pakke med stoff som eg først trudde var eit dynetrekk
men som viste seg å vere heile 5 meter
av dette søte bokstavstoffet!

Det låg i ein uopna pose
og på merkelappane å dømme er det ikkje
eit stoff av nyare dato.




Og jammen fann eg ikkje dette søte Ole Brum-sengesettet
på ein annan bruktbutikk denne veka!



Der fann eg også dette putetrekket.
Kjekt å finne slike herlige 
godbitar!


3 kommentarer:

  1. Du har fått mykje fint i hus, ser eg:) Det øverste var jo skikkeleg retro.
    Her er det null tilsig av stoff, og heller ikkje særleg mykje aktivitet ved symaskina. Men dersom dette skitvêret fortset inn i ferien, er det vel mulig at det vert gjort litt igjen...

    SvarSlett
  2. Så gøy! Enhver stoffgals drøm - å få slike levert i en pose på døra. Gleder meg til å se hva du tryller frem :)

    SvarSlett
  3. Så kjekt då:-) Likte spesielt det gulblomstra, skal tru kva du tryllar fram av det:-) Ønsker deg ei fin helg! Klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no