fredag 5. juli 2013

KISTEFORNØYELSE


Her på desse kantar har vi eit uttrykk som heiter "kistefornøyelse".
Veit ikkje om det vert brukt elles i landet,
men her vert det iallefall brukt når ein 
leitar/ryddar i gamle ting som ein 
ikkje har sett på 
lang tid.

Eg og syster mi har hatt kistefornøylse denne veka.
Vi har nemlig rydda på mørkloftet i barndomsheimen vår!
Å hildrande du!!! Der var heile vår barndom og ungdom samla på eit brett!!
Der dukka det opp ting som vi ikkje huska at vi har eigd før 
vi såg det igjen no!



Hadde aldeles gløymt denne snacksoppsatsen min frå 70-talet!
Desverre manglar det ei skål - det er sååå synd!!
Super til både dip og taco.



Og sjekk korleis den ser ut under då!!
Som ein diger klassisk 70-tals blome:)
Oppdaga det tilfeldig då eg 
vaska den i dag.



Dette søte kam/spegelsettet har også tilhøyrt meg:)
Sjå den søte spegelen då! Alt skulle vist sjå ut som ein blome den tida!
Veldig gulna - men akk så sjarmerande!



Koppen er desverre ikkje min - den er syster mi sin.
Den er såååå fiiin!!!! Får heldigvis låne den til utstilling i Postkjellaren:)

Mykje av kleda var øydelagde pga. fukt
men noko var brukbart.
Så her går det eine eddikflaska etter den andre
om dagen for å få ut gammal lukt.

Håper eg kan krype inn i eit par av mors kjolar frå 70-talet.
Trur kanskje ho var litt slankare då
enn eg er no;)

Men du skal ikkje sjå vekk i frå at eg dukkar opp i
 Postkjellaren i ein kjole med kjempelange
snippar ein dag:)

Kistefornøyelse er i allefall utruleg moro!

God helg til alle som kikar 
innom!

Helsing Alva.


4 kommentarer:

  1. Kistefornøyelse er kjekt ja, og så mykje fint dokke fann.
    Det med klede som skal passe er ikkje enkelt, godt kosthald og gode kår gjer at me har ein heilt anna figur i dag. Sjøl om me ikkje er overvektige.
    Dei smale skuldrane og hoftene mødrene våre hadde trur eg me må sjå langt etter..
    Vonar det lukkast å kome meg til Bjørke søndag :-)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så koselig med "kistefornøyelse" . Det var et nytt ord for meg, men lett forståelig :)
    Det er kjekt å mimre litt. Jeg pleier å storkose meg på loftet hjemme hos min mor. Barna liker også å opp der, for hun har så mange fine "skatter". LIkte veldig godt kammen med speil til :)

    SvarSlett
  3. Har nettopp besøkt Anne-Maris blogg og da fant jeg jo frem til deg. Så nydelige ting du lager! Og min kjære, som har en lang historie innen telefoni, hadde nok likt museet ditt. Synd vi bor så langt unna.....
    Vigdis

    SvarSlett
  4. Trur eg må ha meg ein Bjørke søndag ;-)
    Fann deg pga Anne-Mari. Ha fin veke!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no