mandag 15. juli 2013

LITT DOKKEKLE


Først av alt -
tusen takk for dei fine
kommentarane og alle gode orda
på hageinnlegget! Kor kjekt at dokke likte steinstien min!
Er veldig fornøgd sjølv også - og no har eg fått på
plass endå meir stein i bedet
så då kan eg seie meg 
ferdig!


Men no er det 
på tide med eit syinnlegg igjen!
Det er visst ei stund sidan sist ser eg:)
Ikkje fordi eg ikkje har sydd, men fordi eg 
tek det med til Postkjellaren 
utan at eg har teke
bilde av det.



Dokkekle er populært.
Og så likar eg veldig godt å sy det også.
Denne overallen synest eg vart søt. Den er laga
av ein rest mørkeblå babycord og pynta med eit bamsemerke
eg hadde i tølene mine. For at den ikkje skulle verte
for tung i fargen valgte eg å bruke rosa
som kontrast sidan det er 
bittelitt rosa på ørene
til bamsen.



T-skjorta er 
laga av ein singlett eg fann 
på eit restestativ ein gong. Brukte nederste
delen slik at blonda vart med.



Den er open
bak med borrelåslukking
slik at den er enkel
å ta av og på.



Eit par søte
kjolar i råååsa!
Det  er ei kjennsgjerning 
at små jenter helst vil ha rosa dokkekle.
Har laga i andre fargar også
men det er rosa 
som går....




Her er ikkje
mykje sommarver å skryte av.
Regnet bøttar ned og skodda ligg sidt ned i fjellsida.
Devoldtrøya har vore min beste venn siste dagane.
Temperaturen ligg jamt på
  10 - 12 grader.

Nei vi får
håpe det blir likar 
i morgon!

Ha ei strålande veke der du er!

Helsing Alva

4 kommentarer:

  1. Så smart å sy om andre kle til dokkekle. Dei rosa kjolane er aldeles nydelege. Ja, det er trist dette været, blir aldri så lite værsjuk og litt misunnelege på alle som er der sola er...men det blir vel likare her og snart:-) Takk for koseleg kommentar. Klem

    SvarSlett
  2. Fine og detaljrike dokkekle:)
    Vi er ved Oslofjorden, og i dag er det overskya og litt regn her også. Trudde vi kom til sola, vi...

    SvarSlett
  3. Så utrolig søte. Moro med dukketøy. Har fortsatt en del dukketøy som mamma sydde til meg for godt over 50 år siden. De er så fine. Klem.

    SvarSlett
  4. Oj, kor fine dokkekle du lagar Alva. Du er så oppfinnsom som kjem på å bruke alt av kle og stoff og lage til så fine detaljar.
    Ja, guri no er eg skikkelig lei av veret. Kan nesten bli deprimert av det. Ferien har gått uten å få varme seg skikkelig. Får nesten panikk av slikt. Ser ikkje ut som det skal lysne heller.
    Varmvåt klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no