lørdag 20. juli 2013

SØT KJOLE

Her har kvardagen
innhenta meg og veka har gått i turbofart!
Starta på jobb etter ferien mandag og det vart sannelig ein start med smell i!
Så det har vore null energi til sying eller andre fornuftige gjeremål.
Sidan eg ikkje har laga noko nytt  passar det bra å vise 
denne søte barnekjolen eg laga på
slutten av 70-talet.


Er litt usikker på om det var då eg gjekk på folkehøgskule eller yrkesskule,
men eg trur det var sistnemnde. Huskar iallefall at det var
noko av det fyrste vi laga ved skulestart.

Kjolen har vore så godt gøymd 
at eg ikkje fann den att før no i sommar
då eg og syster mi rydda mørkeloftet i barndomsheimen.
Då dukka den fram på botnen av ei kasse ilag
med andre spanande ting frå den tida.
Det kan du sjå her.



Så no har eg teikna av mønsteret
og har planar om å lage fleire slike.
Likar så godt stoffet den er laga av - kunne 
tenkt meg og hatt meir av det ja...

**************

Har lenge gått med planar
om å lage ein liten nettbutikk her på bloggen,
og no har eg endeleg fått 
det til.

Har lagt ut litt forskjellige
brukte og ubrukte ting der, nye og gamle.
Så ta deg gjerne ein tur innom 
og sjå om det er noko 
som freistar.


Det ligg  lenke på høgre
side av bloggen.

Ha ei fin helg !

Helsing Alva.

5 kommentarer:

  1. Den kjolen er akkurat like aktuell i dag.....same fasongen på barnekjole som eg kjøpte til vesla.
    Den var skikkelig søt med det småprikka stoffet...dumt du ikkje fan den for 26 år sida. Når di jente var lita.
    Kor flinke du er som har fått til nettbutikk....eg har vore inn å kika.
    Eg er skikkelig irritert fordi sola ikkje kan klare å kome seg framom skyene.....og ivertfall når eg høyrer kor fint det er og har vore i lange tider på østlandet.
    Ha ein fin Søndag...du skal vel på Postkjellaren.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Kor spennande å opne nettbutikk.
    Du er jammen flink !
    Kjolen frå 70-talet er fin.
    Dei likte kjolen og overallen, barnebarna mine, og mora også :)
    Vona veret vert så fint at kjolen kan brukast no i sommar.

    God søndag til deg.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Så utrolig søtt kjole i vidunderlig stoff:) Skal sannelig inn i nettbutikken din no:)
    klem Trine:)

    SvarSlett
  4. Veldig søt kjole - røde prikker er veldig fint på barneklærne :) Jeg strever også litt med dataen til tider - hadde vært fint å kunne litt mer av og til. Kjekt med nettbutikk - jeg følger med :)

    SvarSlett
  5. Superskjønn kjole :) Eg gler meg til å sjå andre som du tryllar fram i same snitt :)
    Gratulerer med nettbutikk! Den må eg sjekke ut :)
    Framleis god sommar der nordpå. Håpar de òg har like fint vêr som oss :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no