mandag 1. juli 2013

VESKER FOR DEI VÅGALE!


Veskene flyg ut av Postkjellaren i ekspressfart
så i dag måtte eg lage nokre fleire.


Desse veskene er nok for dei litt vågale.
Spent på om nokon torer og gå 
for denne:)



Denne likte eg veldig godt sjølv i allefall!
Den er laga av putetrekk som
framleis låg i orginal-
pakninga!



Og her er ei i favorittstoffet mitt - kløver heiter det
og er signert Carl Larsson!


Det er ikkje
berre veskene som flyg-
dagane og vekene raser avgarde i full fres!
 Er allereie ferdig med ei ferieveke!
Har vorte lite blogging men har 
rett og slett ikkje
hatt tid!

Har mange
prosjekt på gong og 
innimellom må eg prøve og få
sydd litt for å fylle opp i
Postkjellaren.


Håper du får ei 
fin veke!

Helsing Alva

6 kommentarer:

  1. Hei Alvhild! Denne bloggen likte eg godt!!! Her finn vi iallfall årets "hotaste" festivalvesker!! Og den gule (Carl L.stoff?) er fin saman med kvitt og dongeri fks:) Eg bruker veska du sydde til meg heile tida , ho held seg godt og er kjempekvalitet. Imponert. Helsing fansen!

    SvarSlett
  2. Herlege vesker.
    Eg lure på om den første har same mønster og fargar som gardiner eg hadde
    med det same huset var nytt i 1973..?
    Kor kjekt at du må produsere meir, det viser at du har populære
    ting å selje.
    Eg gler meg til eg skal til Bjørke. No har eg sett av neste søndag til
    å ta ein tur dit.
    Elles må eg fortelje at pizzaoppskrifta di slo godt an her i familien.
    Eg har laga den 3 gongar på tre dagar :)

    Ha ei fin veke !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anne-Mari!
      Det kan nok stemme med gardinene dine - veska er sydd av gardiner frå den tida!
      Å kor eg gler meg til besøk i Postkjellaren! Håper veret vert bra:)
      Så kjekt at pizzaen slo an!! Eg og likar den veldig godt! Dumt eg måtte slette innlegget, men no er eg iallefall kvitt spammen! Måtte slette eit innlegg til men så vart det stopp.

      Slett
  3. Så gøy å høre at salget går bra - det er kjekt når man har lagt ned så mange timer med arbeid :) Jeg likte veldig godt de tøffe veskene og kunne gjerne godt med alle tre! :)

    SvarSlett
  4. Ja, det var spreke vesker! Oransje er liksom ikkje den fargen eg ser mest av, men det kløverstoffet var verkeleg fint:)

    SvarSlett
  5. Så flott at salet av vesker går som det susar! Eg likar velsig godt den oransje veska:-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no