mandag 19. august 2013

Bilde frå Postkjellaren

Litt bilde frå
Postkjellaren i dag!
Det nærmar seg sesongavslutning,
faktisk berre ein
søndag att!

 Det var ein
haustleg velkomst for
dei som var innom dørene i går!
Synest rognebæra er så 
dekorative.

Den gamle Singer
symaskina etter farmora til mannen
har fått nokre klasar
til pynt.



Eit vintage
nålebrev høver godt i lag med den.
Og dei gamle tretråsnellene eg fekk av ei dame
som rydda etter mor si har også
fått plass her.


 Friske orangefargar....



 ..... og duse pastellar








 Etter kvart som
eg har selt unna har utstillinga endra seg.
Spegel og børste-settet er mitt
frå barndomen.











Hjerte er populært.


Veret skifta mellom
solskin og styrtregn. Bildet under
tok eg i det sola kom fram 
etter ei regnbyge.

Kan ikkje klage på utsikta!


Neste søndag 
er altså siste dag det er ope
 denne sesongen!

Så då håper eg 
vergudane kan vere litt snille
med oss for det har vore litt for mange
regnvêrs-søndagar denne
sommaren!


************

Kjekt at de likte
syrommet mitt i forrige innlegg!
Men de må berre ikkje tru at det ser slik ut heile tida!
Det ser igrunnen nesten aldri slik ut ;)
Berre ei lita stund etter
det er rydda.....

Fort gjort å rote ut att!


Fin veke til
alle som finn vegen
innom:)


Klem frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Hei.
    Vimsete meg, no er eg sjemde. Selvfølgelig er det Melshornet. Jammen bra at du sa ifrå.
    Skikkelig fint pynten din. Vakkert med det oransje ilag med symaskina. Tenk at hausten er nær.....uff eg vil holde igjen ei stund til.
    Jammen på tide at det blir ein godvers Søndag til siste dagen du skal ver i Postkjellaren. Det håper eg virkelig. Det er ivertfall meldt bedre nokre dagar no framover og det treng vi.
    God natt, eg hadde lagt meg når nokon her lurte på kva slags feilmerking eg bedriv med. Heiv meg opp igjen å retta det :))
    Takke klem frå meg :))

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilde.
    Einige med deg at rogn er dekorativ, ja både i blomst og bær.
    Du omgir deg med så fine og friske fargar, det er til å bli glad av
    å sjå. Sikkert difor du har så mykje energi :)
    Veret, ja det er eit kapittel for seg sjølv. Eg nektar å gå i
    langbukse enno, leggane skal få puste ei stund til.....

    Vonar søndag blir fin, dei andre dagane òg :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Krysser fingrene for fint vær til helga :) Utsikten fra butikken din må da være en av de fineste? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser ein vekk frå alle ledningar og kablar (som omgir heile huset)er det den vakraste utsikta eg veit om! Vert aldri lei den! Fargen på fjorden er heilt spesiell og ein får ro i sjela når ein sit på terassen og nyt denne utsikta til fjord, fjell og naust!

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no