torsdag 8. august 2013

HJERTEKJOLE


Huskar du
at eg fekk sikra meg 
eit kjempefint hjertedynetrekk
av Trine med bloggen "Gult hus i svingen"?
Du kan lese om det her. No har eg
endeleg fått ferdig kjolen eg
 starta på nesten med
 det same pakken
kom!


Eg har kopiert
mønsteret til denne kjolen
som eg laga på slutten av 70-talet.
Synest denne også vart
ganske søt:)



Veit ikkje 
kva slag størrelse 
det er, men trur det må 
vere ca. 1år.





Vi har vore
så heldige og hatt
koseleg besøk nokre dagar.
Dette besøket hadde med seg ein sekk
med forskjellige stoff og tekstilar
til meg! Dobbelt heldig
med andre ord;)



Nesten heilt
på botnen av sekken
dukka denne megasøte vesle brikka opp!
Berre elskar den!!!!!!

Må finne på noko lurt å lage
av denne til jul!

Kanskje bruke
den på ein julepost?
Tek gjerne i mot andre forslag!
Den er ikkje så stor,
ca 15x15cm.

Heldigvis 
ei stund til jul då!

God helg 
til deg som tittar
innom:)

Helsing frå Alva

8 kommentarer:

  1. Så utrolig fin den kjolen er Alva, du er virkelig flink:) Og stoffet er nyyyyydelig:)
    Ha fine dager:)
    Trine

    SvarSlett
  2. Dån - den kjolen var bare supersøt! Jeg liker så godt røde hjerter (og epler) på stoff :) Julebrikken var veldig søt - kanskje som pynt på en julestrømpe? Go helg til deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. På ei julestrømpe passar den perfekt ja:) Ser det føre meg no!
      Takk for tips;)
      God helg til deg og:)

      Slett
  3. Åh, denne kjolen var berre heilt fantastisk nydeleg og søt og utruleg skjønn! Eg skulle ønske eg hadde ei jente på ca. 1 år no! :) Heldig ho som får pynte seg med denne :)
    Riktig god helg :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Utruleg søt kjole !!
    Du er ein meister til å få det til :)
    Her er det hyttekos som avslutning på ferien på øst- sør- og vestlandet.
    Godt å kome til ro igjen.
    Og så ser det ut til å bli fint ver :)
    Artig å treffe deg på jobben. Det var ein flott og varm dag med
    treff for fem syskenborn. Du høyrde vel skravlinga ;)
    Rart med det når det er sjeldan ein møtes.

    Ha ein nydeleg helg !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Koseleg å treffe deg att, Anne-Mari:)
      Skravling er eg så vand med å høyre at det legg eg nesten ikkje merke til lenger;)
      Kjekt med slike treff, mykje å mimre om:))
      Nyt resten av ferien på hytta:)
      Fin helg til deg.
      Klem.

      Slett
  5. Supersøt kjole!
    Du er virkelig flink til å trylle frem de skjønneste kreasjoner:)
    Har en masse stoffer liggende selv, det passer bra nå mot høsten.
    Ønsker deg ei flott uke videre!

    SvarSlett
  6. Hei Alva.
    Det var den finaste kjolen du har trylla fram av stoffet eller trekket du kjøpte deg.
    Kjekt med besøk som har med seg godbitar til deg som du kan kose deg med utover hausten. Spennande å sjå kva det blir til :))
    Ha ei fin veke vidare. No håper eg på litt lysare dagar og varmare tempratur.
    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no