mandag 26. august 2013

KROKEN PÅ DØRA


Då var det kroken
på døra for Postkjellaren for i år!
Utstillinga er plukka ned og pakka vekk
og vi skal ikkje lenger køyre 
dei ca 4 mila til Bjørke
kvar søndag!


10 søndagar
har vi køyrt fram og tilbake.
Tilsaman har det vorte 80 - 90 mil,
altså tilsvarande ein 
lang ferietur.



Så då kan vi no seie
at vi har vore på ferie då:)
Har møtt mange trivelege mennesker - 
 kjekt at så mange kjem att 
år etter år!

Det einaste 
negative må vere vêret,
men det får vi ikkje gjort noko med.
Siste søndagen var vêret perfekt! Så då var det mykje
folk innom dørene og mange som kosa seg med
kaffi og kake eller is på den koselege terrassen
vår med den finaste utsikt ein kan 
tenkje seg:))




Den gamle
potta har ønskt velkomen
ved døra fleire sesongar no og har vore
gjenstand for både latter og beundring! Eg kan tenkje
meg at eg var eit underleg syn søndag formiddag då eg gjekk med potta 
nedom vegen for å tøme ut innhaldet frå forrige søndag! Fargen 
kunne lett forvekslast med det som vanlegvis er i ei potte,
for den søndagen hadde eg ei gul georgine 
til pynt i den.....

Og etter ei veke i 
potta var vatnet ganske
misfarga......

***************


Det vert rart
å ikkje skulle ut gjennom 
døra kvar søndag men eg kjenner
at det skal verte godt 
også!


*************** 

Takk til alle
som har teke turen til
 Bjørke og vitja meg i Postkjellaren
i sommar!

Reknar med
at vi sjåast neste sommar
også:)

Gled meg allereie!!

Helsing frå Alva.


4 kommentarer:

  1. Vel overstått sommarsesong.
    Det er sikkert kjekt, men du er ganske bunda når du skal vere der kvar søndag heile sommaren.
    Men som du seier, du treff mykje folk og gjer noko du likar.
    Artig med potta ;)

    Du får nyte helgane på andre måtar framover, kanskje blir det fint ver i september som er ein fin månad.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Ja, tenk at no er denne sesongen snart over. Tida flaksar avgarde.
    Blir vel full fart på symaskina di no framover. Nye spennande plagg vi får sjå etterkvart :))
    Gled meg.
    Hi,hi artig den med potta.
    Kos deg...meir finver i vente :)
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane frå deg, det varmar:-)
    Vart veldig fornøgd med Jyskskapet, synd dei ikkje sel det meir. Eg kunne tenkt meg eit makan på badet i kjellaren. Når ein først byrjar å male og pusse opp så har det ein tendens å bli meir arbeid enn ein hadde tenkt. Foreksempel måla eg nettop kjøkkenveggane og dermed såg vinduskarmane grå ut i forhold, og for ikkje å snakke om listene, og då må sjølvsagt det målast også og så vidare....:-) Har hatt meg eit malerush no og meir står for tur;-)
    Det er synd eg ikkje fekk besøkt Postkjellaren i sommar, er veldig imponert over alt du syr. Gler meg til å følge deg vidare på bloggen:-) Klem frå mari

    SvarSlett
  4. Det var et langt stykke å reise, men det går vel når plassen er så flott og folkene så hyggelige :) Gleder meg også til å se hva du lager utover høsten/vinteren til neste butikkåpning :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no