onsdag 14. august 2013

SYROMMET MITT.


Normalt sett egnar
ikkje  syrommet mitt seg på trykk!
Men siste dagane har eg hatt
storopprydding der!

Pus har fast plass i vinduskarmen:) Etter ei stund brukar ho å legge seg ved symaskina når eg syr:)
  
Eg fann nemlig
nokre bilde som eg tok då
 syrommet  var nyoppussa for eit par år sidan.
Bilda har lege på den gamle pc-en min 
og no har eg helde på og
flytta dei over til
den nye.



Og då eg såg dei bilda 
vart eg så inspirert at eg straks gjekk
 i gong med rydding!



Dette bildet er frå då det var nyoppussa.
Dei to første bilda har eg teke no.





Bildet over og under er også frå då.
Har mykje meir styr i hyllene og på klippebordet no.
Det var nok ikkje lenge det var 
så ryddig og fint!





Litt meir stoff i hyllene no
ser ein under her.





Oppslagstavla er ei 
gammal korktavle som eg mala kvit og
 trekte med eit av favorittstoffa
mine:)


Koseleg morsdagskort
frå eldstemann må få henge
framme ved sidan av eit koseleg bilde 
av meg og mammaen 
min:)

Godt å få rydde opp iallefall!
Det vert ufatteleg mykje støv av stoff -
eg fekk både nyse - og hoste anfall medan eg heldt på!
Så støv var der ja.....


Under oppryddinga dukka 
det opp litt forskjellig eg ikkje har bruk for lenger
så det fann vegen inn i nettbutikken:)
Ta deg gjerne ein tur
innom;)

*********

Tusen takk for alle
koselege kommentarar på forrige innlegg!
Dokke er berre dei beste!

Her har hausten
gjort sitt inntog! I skrivande stund
viser målaren 9 grader!
Brrrrrr!!!

Håper det er varmare hjå deg;)

Klem frå Alva.

6 kommentarer:

  1. Skikkeleg kjekt og praktisk syrom med masse hyller! Ja, det er utruleg kor fort det rotar seg til på slike rom:-) Reknar med at du får masse arbeidslyst av det nyrydda syrommet ditt:-) Klem frå mari

    SvarSlett
  2. Heise det kor mykje stoff du har....helt imponerandes. Skikkelig flott syrom med all verdens utstyr. Må ver ei fryd å kose seg der inne med alt som er der. Å den symaskina...jøje meg, mi er skjere truskehorva når eg ser vidunderet ditt.
    Kor flinke du er å kome på å fikse opp ting.....korktavla var super. Slik vil eg og ha...men trur eg har kasta tavlene...søren. Må leite litt.
    Er det vatt du har på den digre kvite rullen og i tilfelle det er det.....bestiller du det på nettet?
    Kaldt ja....eg var ut å renska litt i dambedet og det kom røyk ut av munnen fordi det var så kaldt. Nei, her vart det ingen varm sommar før vi skal starte på ein alt for lang vinter.
    Eg har kjøpt meg eit nett med ulltråd i dag. Her skal det lagast teppe så eg ikkje frys forderva i vinter :))
    Ha ei god natt...eg skal vake i natt :))
    Koseklem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Skal sei du har orden i (sy)sakene! :) Eg vart heilt inspirert berre av å sjå inn i skattkammeret ditt :)
    Likte kjempegodt den kule, pimpa korktavla! :) Nydeleg stoff :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Her er det orden gitt !
    Eg ser du har arbeid i lang tid.
    Her er symaskina lett tilgjengeleg, men det blir berre
    det aller nødvendigaste.
    Kos deg i det ryddige romet og God helg !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  5. Skal si du har flott orden i hyllene:)
    Så vakkert når stoffene ligger slik i sirlige bunker.
    Så ser en straks de stoffene og farger/mønster en vil bruke.
    Likte veldig godt oppslagstavla med det herlige stoffet, en super ide:))
    Høsten er på vei hit også, selv om vi har hatt fine temperaturer på dagtid..men på natta har det vært nede i 4- 5 grader...
    Ønsker deg ei flott helg!

    SvarSlett
  6. Ja, det er så godt å rydde opp i syutstyret. Når jeg skal lage noe så drar jeg ut stoffer og så blir det veldig fort rotete. Er veldig misunnelig på alle som har så fine syrom... det skulle jeg gjerne hatt her også, men vi har ikke mange nok rom. Kanskje en dag :) Fin søndag til deg :) :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no