tirsdag 17. september 2013

BAKKETUNET PÅ BJØRKE


I dag vil eg vise deg ei perle
 av ein gard som ligg i mi barndomsbygd - Bjørke.
Same bygda som eg har mitt eige vesle sommarutsalg - Postkjellaren.

 Denne unike gamle garden
har bygningar som er mellom dei eldste i landet.
Du kan lese meir om det HER og HER.




Tunet ligg idyllisk og  
lunt til med høge fjell rundt på alle kantar.
Det karakteristiske fjellet på bildet over og under er Bjørkehornet
som står breibeint og breier vengjene sine over bygda!
Eit av dei største husa på garden er stabburet
som du ser på bildet over.



Vandrande i tunet er 
dagens drivar - Marita Bett Jensen -
alltid klar til å ta i mot besøkjande og gje dei ei omvisning
i dette særmerkte tunet.






I kammerset som ligg i enden av
våningshuset er det ulike utstillingar gjennom sesongen.
Denne søndagen var det keramikkutstilling.
Fin og fargerik keramikk laga av
Anne Lise Aarset.

Og her frå utstillinga
til Ingrid Riddervold sommaren for 2 år sidan.
Fekk heldigvis høve til å ta ein tur innom den gongen og handla meg ei kartonglommebok:)
Ho var også ein snartur innom Postkjellaren!
Meget kreativ dame!



Utsikt frå stabburet
 mot ei av dei nyare bygningane på garden -
kunstnarboligen.



I stabburet er det
laga til utstilling med mellom anna gamle leiker.



Nydelege geraniumar
i vindauget i røykstova der det også er kafè.



 Ein kik inn i kjøkenet.....




Døra inn til fjøsen
som vert brukt til kunstutstillingar er
vakkert dekorert.

Formødrene 
til dagens drivar har vore 
særs kunstnariske og Marita Bett er også
sjølv kunstnar.


Denne vesle kroppen låg og kosa
seg i eit av husa og brydde seg lite om at det trakka folk 
inn og ut av dørene heile tida!


 Må berre ta med eit par bilde frå
den såkalla kunstnerboligen også sjølv om det er eit av dei nyare
 husa.  Det er pussa opp og innreidd i 50-tals stil
med dei herlegaste pastellfargar!

Utsikta frå vindauget
på bildet over kan ta pusten frå
nokon og einkvar!


Dette huset har fått namnet fordi det ein gong i året (trur eg)
vert delt ut eit stipend til ein eller anna kunstnar. Og der høyrer det også
med eit opphald i tunet og i denne boligen samt 
utstilling av kunstverka til
vedkomande.




Ein skulle nesten tru
at husa er bygde etter forma til fjellet i bakgrunnen!
Fjellet heiter Kjerringkjeften.




Det er idyllisk og vakkert i
Bakketunet som har ope for publikum kvar søndag frå juni til ut september.
Vel verdt å ta ein tur om du er
i området!


3 kommentarer:

  1. Flotte bilde og omtale av Bakketunet.
    Dei er flinke.
    Eg var der for eit par år sidan, denne
    sommaren vart det Postkjellaren ;)
    Håpe det går bra med handa di.

    God natt frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så koselig å se slike gamle bygninger. Jeg er så glad i historie. Ofte drømmer jeg om å reise tilbake i tid og se inn i husene slik folk bodde før i tida, og høre hvordan de snakket med hverandre :)

    SvarSlett
  3. Vakkert innlegg!
    Er så glad i slike hus, de er helt nydelige:)
    Og så idyllisk sted, skulle gjerne gått en runde rundt på tunet der...

    Ønsker deg ei flott helg!
    Klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no