onsdag 25. september 2013

Og slik går no dagane......


 Berre eit lite
livsteikn frå meg slik at de ser
at eg har det bra og er høgst oppegåande!


Litt handalaus
men slettes ikkje hjelpelaus!
Utruleg kva ein kan greie med ei hand og ein 
god porsjon staheit!




I går fekk eg 
teke stinga og skifta gips og då
fekk eg frigjort litt meir av handa. Så no greier eg
å skrive på dataen i små dosar:)

Dagane går i sneglefart -
rart å vere så rolig for meg som er ei aktiv sjel!
Går mykje i lesing - fem bøker ferdig - den sjette på gong!
Starta med tre krimbøker, så har det vorte litt tyngre stoff etterkvart.
Nyleg ferdig med "Seierherrene" av Roy Jacobsen.
Litt tunglest men med fantastiske skildringar!
Kan absolutt anbefalast!




Saknar syinga,
samtidig som det er litt godt 
å ikkje ha noko som  vere ferdig!
Heldigvis har vi flotte haustdagar no så det går fint
an å sitje ute i solveggen og nyte den gode
varmen frå septembersola!


Bileta er frå 
Stryn og Loen der vi var
sist søndag og feira ei familiebegivenheit.
Den rosa traktoren står sjølvsagt
utanfor Moods sitt
utsalg.

Håper alle har det fint
og nyt hausten! Det gjer iallefall eg!
Klem til deg:)

6 kommentarer:

  1. Heise det, var heilt sikker på at du hadde fått deg ny jobb no når handa ikkje er god.......modelljobb. Ekje det du som sitte på traktoren bak på plakaten der ? :))
    Kor fine farga det er kome alt i parken der inne. Fint med haust når veret viser seg frå den sida vi har no.
    Kjekt at det går fram over med handa di.
    Kos deg vidare med gode bøker i solveggen. Det skal visst bli fint leeeeeeenge framover.

    Klem frå MarJE

    SvarSlett
  2. Så fint å se at du har evnen til å kose deg selv om alt ikke er på stell ;)
    Det var jo en vakker hage du viser her da !
    Kos deg som best du kan Alva :)

    Janne

    SvarSlett
  3. Du er fantastisk flink med kameraet. Vakre bilde. Eg trudde kanskje du hadde fått deg ein slik rosa traktor ;)
    Kjekt å lese bøker også, men forstår deg godt, eg gjekk med fast arm inntil kroppen i seks veker for eit par somrar sidan og veit at mangt greier ein, men jammen litt kjedeleg å ha sååå god tid til å lese. Eg las Seierherrane for mange år sidan og ser for meg deis må husa og trange gatene på Kampen-Vålerenga.
    Takk for koseleg kommentar om geraniumane. Skal eg klippe dei ned før eg lagrar dei ? Dei er så vide og romfræke..

    Fortsatt god betring med handa.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Så fint bilde av deg ved siden av den tøffe traktoren :)
    Det neste naturbildet var bare helt vidunderlig :)

    SvarSlett
  5. Flotte bilder frå 'fagre Stryn'! Hotellhagen på Alexandra er nydeleg, men eg har berre vore der på vinterstid.

    SvarSlett
  6. Godt å høyre at det går bra med deg! Det er bra me har slike nydelege dagar for tida så du kan nyte sola:-) Klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no