søndag 29. september 2013

Verdas beste eplesmuldrepai!



I dag har eg lyst å dele oppskrift på ein himmelsk 
god og veldig enkel eplesmuldrepai.


Etter ein vanvittig god
fårikålmiddag i dag måtte det toppast med ein god dessert.
Og kva passa då betre enn denne nydelege
smuldrepaien!




Desse norske epla
var eit perfekt utgangspunkt -
syrlege og knasande sprø og saftige!



Dette var alt som
var att etter at tre grådige hadde forsynt seg!
Så lag gjerne dobbel porsjon for her går det unna!!


Her er oppskrifta:

4 store eple (ca.1/2 kg)
100g smør
125g. kveitemjøl
50g. sukker
50g. hakka hasselnøtter el.mandlar.

Skrell og skjer epla i båtar el. bitar og fyll dei i botnen av ei ildfast form.
Smuldre saman smør og mjøl til ei grynete masse og tilset sukker.
Fordel massa over epla og strø på kanel, sukker el.perlesukker og hakka nøtter.
Steikast midt i omnen ved 200gr. ca. 30 min.
Smakar best lunken(og vel så det)
med vaniljeis eller
piska krem.

Her hadde vi ikkje
tid til å vente meir enn 15 min. etter at
den var teken ut av omnen og det var perfekt etter
min smak! Då smeltar isen litt og det smakar
heilt himmelsk!

Nam nam!!

2 kommentarer:

  1. Å, den ser kjempegod ut !
    Eg har mange oppskrifter på eplekaker i forskjellege variantar, men
    har heile tida lyst å prøve nye, og helst enkle sortar.
    Denne skal eg prøve til helga.
    Takk skal du ha.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Mmm, denne trur eg jammen eg skal prøve!:-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no