tirsdag 8. oktober 2013

GULT ER KULT......


Sjølv om eg ikkje
kan sy for tida så synest eg det er kjekt 
å ta turar innom bruktbutikkar for å leite etter stoff-godbitar.
Og når min snille mann fungerer som sherpa
er det ikkje noko problem!


 Dette herlege retrostoffet
gav meg skikkelig hjertebank då eg fann det!
Var litt usikker på kvaliteten, men etter å ha testa med ei fyrstikk
kom eg fram til at det er bomull! Heile 7 meter langt og 150cm. breitt var det!!! 
Berre elskar denne blomsten - den er faktisk også varemerket mitt:)


Trur nok det har vore eit 
gardinstoff - og det har aldri vore brukt:)
Det var litt vanskelig å få fram rette gulfargen på bilde -
er vel nærmast på bildet under, men ikkje
heilt rett der heller.

Solgul vil eg kalle fargen.


 Ser føre meg
både barnekjolar, vesker
og kanskje også ein kjole til meg sjølv til
neste sommar!


 Denne vesle brikka
fall eg også for. Har ein plan for den....

Men først må eg få orden på handa mi.....
Det er fleire som lurer på korleis det går....og det går framover. Men slik som det kjennest 
ut no så er det ei stund til eg kan sy  igjen....desverre.
Skulle nok ynskje det gjekk litt fortare, men dette tek si tid.
Om ei veke får eg av gipsen så då vert det forhåpentlegvis bedre etter kvart.
Men takk for omtaken, det varmar!

Og tusen takk for 
dei fine og hyggelege kommentarane
på forrige innlegg!! Set stor pris
på kvar og ein:)

Takk for at du tok turen innom....
ein fin tirsdag til deg:)

Klem frå Alva

6 kommentarer:

  1. Fine funn du gjer der oppe i nabofylket:) Vert nok mange gule og glade produkt frå deg når du kan sy igjen.

    SvarSlett
  2. Vonar det går framover med handa når du får av gipsen og får begynne å trene den oppatt.
    Du har nok av arbeid som ventar ser eg. Så mykje stoff gir mange ting.
    Nydeleg blir det.

    Nattaklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Kjempefine retrostoff! :) Eg likte særleg den vesle brikka *smelt* Tenk dei to stoffa i kombinasjon :)
    Ønskjer deg framleis god betring. Håpar verkeleg handa blir god att snart. Tippar det kriblar godt i synervane :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Det gule stoffet var skikkelig fint, og så praktisk å sy masse flott av. Man kan bruke det alene, eller sammen med mange ulike typer retrostoff :)

    SvarSlett
  5. Så flott !!
    Og flere meter også, gleder meg til å se hva du tryller frem:)
    Vakker brikke fant du også, den falt jeg også for;))

    Ønsker deg en fin kveld, og fortsatt god bedring:)
    Ikke så lett og være tålmodig med mange planer i hodet...vet om det der.

    Klem til deg.

    SvarSlett
  6. For eit herleg stoff! Blir knall som sommarkjole!:-) Kan diverre ikkje hjelpe deg med dataproblemer, rart teksta ikkje lar seg endre, håper du får hjelp snart! Elles så håper eg handa di blir bra snart, kan forstå at det er frustrerande å ikkje får gjennomført alt du har lyst til. Ha ein fin, fin laurdagskveld! Eg har klart å bli skikkeleg sylta, får berre håpe at det ikkje blir noko langvarig greie.....:-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no